Jul på Blix hotell

Program for jula 2017:

 

JULEGRAUT TORSDAG 30.11.

Torsdag 30.11. kl 18:30 JULEGRAUT for små og store etter tenning av julegrana. For bordbestilling:  tlf 57 69 65 50 eller epost: booking@blixhotell.no Pris for barn kr 75 pr person, for vaksne kr 125 pr person. Julenissen kjem også. Kanskje har han med seg noko godt i posen?

 

JULEBUFFET SØNDAG 17.12.

Ta med familien til ein roleg førjulsøndag med god mat på Blix hotell. Vi set fram vår julebuffet med kalde og varme tradisjonsrettar, dessertbord og kaffi/te. Det blir også eigen barnebuffet.  Pris kr 295 pr vaksen, og kr 150 for barn under 12 år. Buffeten står framme frå kl 14:00 - 19:00.

For bordbestilling: tlf 57 69 65 50 eller epost: booking@blixhotell.no

Denne dagen er den søndagsope i Vik. Ta julehandelen på Øyri, og velkomne skal de vere til middag på hotellet etterpå!   

 

JULEBORD:

Fredag 1.12., laurdag 2.12., fredag 8.12., laurdag 9.12. og fredag 15.12. har vi julebord på Blix hotell. Start kl 19.30 alle dagar. Vi serverer heimelaga mat på julebuffeten. Her vert kalde og varme rettar, og eit bugnande dessertbord. Etterpå blir det dans til levande musikk! For bordbestilling eller spørsmål: tlf 41 50 51 91 (Jorunn Åsfrid) eller epost: booking@blixhotell.no  (PS! Somme dagar er no fullbooka.)

QUIZ FREDAG 29.12.:

Fredag 29.12. kl 20.00 blir det JuleQuiz ved Jarle Christensen. Påmelding frå kl 19.00. Maks 5 personar pr lag, kr 50 pr person.

 

DANS 2. JULEDAG:

"Grøftekarane" er tilbake, og då blir det garanert god stemning igjen! Førehandssalg av billettar, kr 250 pr person. Dørane opnar kl 22:00.

 

GIL EDWARDS LAURDAG 30.12.:

Gil Edwards kjem tilbake til Vik laurdag 30.12. Den kjende trubaduren har vore i Vik mange gonger før, men det er lenge sidan sist no. Laurdag 30.12. spelar han for oss igjen. Dørane opnar kl 22.00. Salg av billettar på førehand, kr 200 pr person. Dørane opnar kl 22:00. Velkomne!