8. mars markering

Velkomen til 8. mars markering på Blix hotell, fredag 8. mars kl. 17 !

NB: merk at tidspunkt er klokka 17 !

 Markering av Den internasjonale kvinnedagen 2019 blir også i år på Blix hotel, og varmande suppe med brød er inkludert i inngangsbilletten, samt kaffi/te.

 I år er det to flotte, lokale damer som står for hovudinnlegget. Karen Sofie Tangstad og Mona Svendsen er engasjerte damer som les mykje, og dei vil knyta 8. mars i hop med Bokåret 2019. Bokåret markerar at det er 500 år sidan den første norske boka vart trykt og 8. mars komiteen i Vik meiner det er naturleg at årets markering set fokus på kvinnelitteraturen før og no.

 Karen vil presentera noko av den feministiske litteraturen frå 60- og 70-talet som ho meiner har vore viktige bidrag i kampen for likestilling og kvinnesak. Mona vil presentera feministisk litteratur i dagens bokmarknad.

 Det blir underhaldning, kvinnedags-quiz med premie til beste lag, samt trekning av premiar på inngangsbilletten.

Overskotet går som alltid til Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

 Velkomen til ei engasjerande og triveleg stund!

 

Helsing 8. mars komitéen