Velkomne til Bringebærfestival-quiz! Quiz-mester er som vanleg dyktige Jarle Christensen. Start kl 19.00, påmelding før det. Maks 5 personar pr lag, kr 50 pr person (betaling og påmelding til Jarle på hotellet før start).
Bringebærfestivalen
Straks er det Bringebærfestival i Vik! Ta turen, - det mykje spennande på programmet:
http://www.norskbringebaerfestival.no/
Vidasete Opp
Bli med på Vidasete Opp! Flott arrangement i flott terreng, med nydeleg utsikt som premie når ein er på toppen!
Får meir informasjon, sjå:
Fres Festival!
QUIZ SØNDAG 4.6. KL 20
Velkommen til Quix på Blix hotell søndag 4.6. kl 20.00. Jarle Christensen er quiz-sjef og har spørsmåla klar. Det har rett og slett vore fullt hus på dei tidlegare quiz'ane, så ver tidleg ute! Quiz'en er ein del av Gamalostfestivalen 2017. Velkomne!
Olav Stedje spelar til dans på Gamalostfestivalen!
Fredag 2. juni under Gamalostfestivalen spelar sjølvaste Olav Stedje til dans på Blix hotell. Han går på scena ca kl 22.00.
Billett kr 250. Førehandssal av billettar. 20 års aldersgrense.
Arrangementet er eit samarbeid med VIk IL Skiskyting, og alle billettinntekter går til Skiskyttargruppa! Velkomne!
Velkommen til 17. mai buffet
Velkommen til buffè 17. mai, kl 17.00 - 19.00. Det vert servert varme og kalde rettar, barnebuffè og dessertbord. Kaffi er inkludert i prisen. Kr 425 pr vaksen, kr 195 for barn under 12 år, barn under 3 år er gratis. For bordbestilling: tlf 57 69 65 50. Velkomne!
Gamalostfestivalen 2017
Første helga er det Gamalostfestival i Vik. Det er alltid kjekke dagar. Link til årets program finn de her: http://www.gamalostfestivalen.no/
For bestilling av rom: booking@blixhotell.no (merk: kun nokre få igjen).
Dans på Påskeafta!
Påskeafta kjem "Backflash" på Blix hotell (20 års aldersgrense)
Backflash består av 5 karer med lang erfaring fra ulike band på Sunnmøre. På cv`en til desse dyktige musikarane finn vi band som Dansebandet, Express, Charlie, Listen to the Band og Cafe News, for å nemne nokre. Ein lidenskap for pop/rock frå seint 70- og 80- tallet, og eit ønskje om å gjenskapa dei gode låtane frå denne perioden, er hovudgrunnen til at bandet har oppstått. Opplevingane og tilbakemeldingane deira har vore fantastiske så langt. Vil du høyre funky rytmer, kjenee synth- og gitarriff, gode vokalprestasjonar og låtar du ”digga” på 80-tallet, er dette et band du garantert vil like.
Diskotek med DJ John skjærtorsdag (18 års grense)
DJ John kjem Skjærtorsdag på Blix hotell for å lage litt moro. John Erik har jobba som DJ i mange år og lagar god stemning. Det blir "full pakke" denne kvelden med lyd og lys. 18 års aldersgrense. Velkomne!