Frå Hopstock til blix hotell

Soga om Hopstock går heile 355 år tilbake i tid.

I 1659 fekk gjestgivarstaden på Vikøyri skjenkebevilling, og hotellet i Vik kan rekna si historie frå dette året. Den gamle gjestgivarstaden brann ned 16. juni 1838. Jens Roald Valentinsen bygde nytt og selde til svogeren sin Ole Andreas Hopstock i 1847 og fekk etter dette vart namnet Hopstock. Vikjen Mons Thorsen overtok i 1945 og systera Malla stod for drifta fram til 1971.

Anne Marie og Carl Melchior Rieber overtok i 1971. Ved overtaking vart det sett vilkår om at det skulle byggjast nytt hotell innan 5 år. Det nye stod ferdig i 1973.

Hotellet vart drifta som Hopstock hotell fram til mai 2010 då hovudbygningen brann ned.

Annekset med sine 28 rom gjekk ikkje med i brannen og har heile tida tilbydd rom til utleige.

I 2014 tok Røyrvik Eigedom AS og Jorunn Åsfrid Røyrvik over eigedommen med ambisjon om å byggje opp igjen den tradisjonsrike hotelldrifta, men no under namnet Blix hotell. Dørene vart opna den 12.12.2015 etter ei totalrenovering av bygget. Hotellet er no ope heile året.

 


Vik har så uendeleg mykje å by på, og vår målsetting er å få til ei heilårsdrift ved hotellet.
— Jorunn Åsfrid Røyrvik, dagleg leiar

Kvifor namnet "Blix hotell"?

  • Peter Andreas Blix (1831-1901) frå Stavern, busett i Vik. Ingeniør, arkitekt og kyrkjebergar.

  • Blix budde dei siste åra av livet fast i Vik. Her hadde han i alle år på sitt faste «Blix-rom» på Hopstock Hotell. Han er gravlagd under golvet i Hove-kyrkja.
  • I 1981 vart det reist eit minnesmerke over Peter Andreas Blix ved det tidlegare Hopstock hotell
  • Han teikna også fleire norske hotell, m.a. Mundal Hotell i Fjærland og Fleischers Hotell på Voss
  • Blix restaurerte Hove kyrkje for eigne midlar. Sidan gjorde han det same med den falleferdige stavkyrkja på Hopperstad.
  • Idrettshallen i Flatbygdi er også kalla opp etter Blix - «Blixhalli».
  • Les meir om Blix på NRK Fylkesleksikon