"Kroi" er open frå kl 10.00 kvar dag (kl 12 på søndagar).

Middag vert servert frå kl 15.00 (kl 13.00 på søndagar). Men vi har anna godt på menyen også:

Heimelaga focaccia med reker, ost og skinke eller roastbiff (kr 95 pr stk).

Kyllingsalat (kr 125)

Eplekake m/is (kr 85), og dessert (spør etter kva som står på menyen).

Kaffi, te, kaffilatte, kaffimocca, varm sjokolade, mineralvatn, Balholm og mykje anna godt å drikke. Velkommen innom!

MIDDAG? Velkommen til vår a la carte restaurant!

Ny meny frå kvar mandag. Alt er heimelaga frå botnen av på vårt kjøkken, (sjå meny nedanfor:)

 

Opningstider:

Kl 15.00 - 20.00 (mandag - torsdag)

kl 15.00 - 22.00 (fredag, laurdag)

Kl 13.00 - 19.00 Søndag

Velkomne!

 

Meny veke 47:

Siste veka med RASPEBALLAR på menyen denne veka. Frå mandag 27.11. blir det servert JULETALLERKEN m/riskrem kvar dag fram til jul. 

FORRETT / MINDRE RETTAR:
Kyllingsalat med grøn pesto og tomat, kr 125

HOVEDRETTAR (veke 47):
Lammeskank med poteter, kvitløk, raudløksconfit, lammesjy, fennikel cruditee, kr 245
Blix burger med heimelaga briochebrød og pommes frites, kr 225
Steinbitfilet, blomkålpure, poteter, aspargesrull, brunt smør med kampers, veg. cruditee, kr 225

Alle rettar vert servert med heimelaga focaccia, aioli og smør

DESSERT:
Fransk sjokoladekake "Gateau Marcel" servert med mangosorbet og coulis,  kr 95

Eplekake med vanijeis og coulis, kr 75

 

JULETALLERKEN vert servert kvar dag frå mandag 27.11.17. Pris er kr 395 for juletallerken m/riskrem til dessert. Juletallerken vert servert med svineribbe, pinnekjøt, poteter, heimelaga nepestappe, heimelaga surkål, heimelaga raudkål og saus/sjy. Riskremen er også heimelaga, og vert servert med raudsaus.

Dersom de er større grupper må de gjerne be om bordbestilling på førehand (tlf 57 69 65 50, epost: booking@blixhotell.no)

Vi har julebord med buffet av kalde og varme rettar, dessertbord og kaffi fredag 1.12. laurdag 2.12., fredag 8.12., laurdag 9.12. og fredag 15.12. Vi har framleis nokre ledige plassar, så ta gjerne kontakt om dette (tlf 57 69 65 50/41 50 51 91 Jorunn Åsfrid)

 

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.

Ring gjerne tlf 57 69 65 50 for tinging av bord. Eller på epost: booking@blixhotell.no

 

Velkomne!

 

OPNINGSTIDER ROMJULA 2017:

Onsdag 27.12. - laurdag 30.12. er vår a la carte-restaurant open kl 14.00 - 19.00

(Det er stengt 23., 24. og 31. desember for matservering). Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.