Opplev spennande exoplanetar, kolonisering av Solsystemet, romreiser, Solsystemets og Galaksens dramatiske framtid. Kva moglegheiter fins for intelligente liv og korleis vil vi eventuelt kunne oppnå kontakt med framande sivilisasjonar?
Sci-fi-forfattar og vitenformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard vil presentera eit multimediashow med spektakulære bilete, filmar, animasjonar, lydeffektar, og musikkvideoar. I samanheng med showet får publikum kjenne på ekte steinar frå verdensrommet.
Bli med og opplev Universets mysterium.
Det vert mogeleg å kjøpa forfriskingar. Gratis inngang for alle interesserte. Høver for alle frå om lag 9 år.

