Vik Sommarskisenter - på Vikafjellet

Dyktige Vik IL Skiskyting køyrer løyper på Vikafjellet, både klassisk og skøyting i det tidsrommet snøforholda tillet slik. Slik det ser ut no blir det køyrt løyper frå veke 20. Dagleg oppdatert informasjon om status på løypene finn de her http://www.vikskisenter.no/ (denne sida er under revidering), på Vik Skisenter si Facebook-side og Vik IL Skiskyting si Facebook-side.

Pris er kr 120 pr person. Viktig at dei som brukar løypene betalar til VIk IL Skiskyting då det er kostbart å køyre løyper kvar dag... "det snør ikkje skiløyper".... Informasjon om betalingsmåte finn de der løypene startar på Skjelingen på Vikafjellet, eller de kan betale direkte til parkeringsvakten som er der dei fleste dagane.

Gamalostfestivalen 6. - 9. juni 2014!

Gamalostfestivalen vert arrangert 6. - 9. juni 2014! Velkommen til ei kjekk helg i Vik!

Gamalostfestivalen er ei triveleg helg i Vik. Festivalen er ei samling av kjekke kultur- og idrettsarrangement. Mange av Vik sine frivillige organisasjonar står bak arrangementa, og det er ein fantastisk dugnadsinnsats som gjer festivalen muleg. Me er stolte av Gamalosten frå Tine i Vik. Alle i Vik gler seg, og ønskjer deg hjarteleg velkommen!