Velkommen til Vik 27.-29. mai 2016. Gamalostfestivalen er ein årleg tradisjon i Vik, og mykje kjekt skjer desse dagane. Programmet er allsidig med både kulturarrangement, aktivitetar og handel på Øyri, samt idrettskonkurransar. Informasjon vert etterkvart lagt ut her http://gamalostfestivalen.no/
17. mai på Blix hotell
Vi ønskjer til bords på 17. mai!
Vi lagar rømmegraut og koldtbord og ønskjer til bords kl 15.00 og kl 17.00. Kr 350 pr person.
Ting gjerne bord på førehand på tlf 57 69 65 50.
Vi har eigen barnebuffet for dei minste (kr 150, dei under 3 år er gratis).
Velkomne!
"Suten Opp" 6. mai 2016
Motbakkeløp for heile familien!
Fredag 6. mai arrangere Vik IL Friidrettsgruppa den tradisjonelle "Suten opp", eit motbakkeløp for heile familien. Sjå www.sutenopp.no for meir informasjon. Ta turen! God stemning, flott utsikt, og litt sveitte undervegs gjer berre godt!
"Elvis" kjem på hotellet 16. april
16. april kjem Isak og Jakob på Blix hotell og spelar opp til dans. Flott dansemusikk med både "Elvis" og anna kjent stoff. Billettar vert selde på førehand (kr 200). Ta gjerne også middagen på hotellet denne dagen (tinging av bord; tlf 57 69 65 50, eller epost: booking@blixhotell.no)
Påskedans på hotellet!
"Grøftekarane" kjem att på påskeafta!
Påskeafta blir det dans på hotellet frå kl 21.00. I romjula spelte "Grøftekarane" til dans, og det vart ein skikkeleg kjekk kveld. No kjem dei tilbake, og me gledar oss. 20 års aldersgrense, og førehandssal av billettar på hotellet (kr 250). Velkomne!
Vidasete Opp 5. juli 2015
"Vidasete Opp" er ei flott motbakkeløp i flott natur i Feios. Løpet har vorte arrangert sidan 2008, og samlar både "profesjonelle" og trimmarar.
Nytt i 2014 var ei eiga konkurranseløype for 13-14 åringar. Sjekk ut all info her: http://www.feios.no/vidasete-opp/
Ta turen til Feios i 2015!
Vik Sommarskisenter - på Vikafjellet
Dyktige Vik IL Skiskyting køyrer løyper på Vikafjellet, både klassisk og skøyting i det tidsrommet snøforholda tillet slik. Slik det ser ut no blir det køyrt løyper frå veke 20. Dagleg oppdatert informasjon om status på løypene finn de her http://www.vikskisenter.no/ (denne sida er under revidering), på Vik Skisenter si Facebook-side og Vik IL Skiskyting si Facebook-side.
Pris er kr 120 pr person. Viktig at dei som brukar løypene betalar til VIk IL Skiskyting då det er kostbart å køyre løyper kvar dag... "det snør ikkje skiløyper".... Informasjon om betalingsmåte finn de der løypene startar på Skjelingen på Vikafjellet, eller de kan betale direkte til parkeringsvakten som er der dei fleste dagane.
Norsk Bringebærfestival
Vik er største bringebærprodusenten i landet. No blir det eigen festival, som næringa sjølv står bak i samarbeid med gode krefter i Vik. Sjekk ut programmet her: http://norskbringebaerfestival.no/
Set av helga 14. - 16. august 2015 til å smake på bringebæra i Vik!
Vik IL arrangerer "Suten Opp" 15. mai, eit motbakkeløp som passar for heile familien. "Suten" er ei populær trimløype her i Vik, med 500 m stigning på 1,4 km.Konkurranseklassane er frå 13 år og eldre. I trimklassen kan alle delta! Sjå http://www.vikil.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948495145 for meir informasjon.
Gamalostfestivalen 6. - 9. juni 2014!
Gamalostfestivalen vert arrangert 6. - 9. juni 2014! Velkommen til ei kjekk helg i Vik!
Gamalostfestivalen er ei triveleg helg i Vik. Festivalen er ei samling av kjekke kultur- og idrettsarrangement. Mange av Vik sine frivillige organisasjonar står bak arrangementa, og det er ein fantastisk dugnadsinnsats som gjer festivalen muleg. Me er stolte av Gamalosten frå Tine i Vik. Alle i Vik gler seg, og ønskjer deg hjarteleg velkommen!
