"Damenes aften" 9. november

Velkommen til "Damenes Aften" 9. november 2018 kl. 19.00

Billettsalget er i gang. Du får kjøpt dei hjå arrangørbedriftene. Kr 300 pr person.

Frisørstova, Monicasalongen, Coop Byggmix MX-Sport, Berdalsbui, Salong Elisabeth, Salong Agne, Fjordsylv og Blix hotell inviterer til ein kjekk kveld med fokus på mote, hår, hud og sminke. Det vil bli “boblekurs” (smaking og læring om cava, prosecco og champagne), servering av tapas, mannekengshow og flotte utrekningspremiar.

Me håpar det vert ein kjekk og triveleg kveld i godt lag! 

Velkomne!

Lokalhistorisk kafè med Arne Inge og Jens

Velkommen til LOKALHISTORISK KAFÈ med Jens Brekke og Arne Inge Sæbø!
Det blir kåseri på ca 15 minutt, deretter "goe prat og goe mat".

Fredagar kl 11.30 på hotellet.

Gratis inngang.
Høve til å kjøpe lunsj (kr 100 frå lunsjbuffet) eller kaffi og kake for kr 50.

Nysteikte vafler har vi òg (kr 35).

TEMA fredag 30.11. er senger om mannbjørnar ved Arne Inge Sæbø. Lars Olav spelar ved start.

TEMA fredag 7.12. vert bestemt seinare.

TEMA fredag 14.12. er gode historiar ved Jens Brekke og Arne Inge Sæbæ (omtrent som “Rorbua”). Dette blir siste gongen før jul.

Tema for fredagane etter dette vil komme etterkvart. Velkomne på hotellet!

Arrangør: Jens, Arne Inge og Blix hotell

JULEBORD på Blix hotell 2018!

Me har gleda av å invitere til julebord!

7. og 8. desember spelar “Greendales” opp til dans etter at alle er godt forsynte av julebordet.

14. og 15. desember kjem “Tor Talle Duo” tilbake og spelar til dans etter at julebordet er servert.

På julebordet står både varme og kalde rettar på menyen. I 2017 hadde 5 fulle hus med kjekke julebordsgjester. Ta gjerne kontakt for å få eit tilbod, eller om de har spørsmål.

Velkomne på Blix i koseleg førjulstid!