Damenes Aften fredag 29. mars kl 19:00

Me håpar at du vil vere med oss på ein ny kjekk kveld med fokus på mote, hår, hud, sminke, kle og slikt.

Og så kjem bloggar og forfattar Marthe Holien Bø frå Stryn som seier:

«Kvifor gle seg til fredag og helg når vi kan lage gullkant på måndagen?»

 

Pris: 300,- pr person som inkl. lokale «bobler»/drikke, enkel fingermat, stand med gode tilbod frå bedriftene i Vik, mannekengshow og trekning av flotte premiar! DØRANE OPNAR KL 18.00!

 

Billettar i salg på Blix hotell frå måndag 18. mars (max 90 billettar).

 

 Velkommen til ein hyggjeleg kveld saman med oss. Me gler oss!

Helsing:

MonicaSalongen, Frisørstova, Coop Byggmix, Fjordsylv, Vik Apotek, FjordSylv, Vik Folkebibliotek/Vik kommune, Salong Elisabeth, Salong Agne, Vik Elektro & Interiør AS og Blix hotell.

 

Lokalhistorisk kafe, kvar fredag

Den populære lokalhistoriske kafeen held fram kvar fredag kl 11:30. Siste gongen denne våren er 12. april 2019. Arne Inge Sæbø, Jens Brekke eller nokon annan kjende held eit kåseri om eit lokalt historisk tema i omlag 20 minutt. Som regel startar kafeen med eit lite musikalsk innslag. Du kan få kjøpt kaffi og vaffel, eller forsyne deg av lunsjbuffeten om du vil til ein rimeleg pris. Dørane opnar kl 11:00. Velkomne skal de vere!

Tema fredag 15. mars:

Arne Inge Sæbø fortelja om Vikøyri og fokusera mykje på dei to store brannane som har vore der, i 1838 og 1922. Strandsitjarstaden Vikøyri har ei spennande soge, og ein vil få høyra om utviklingi fram mot vår tid. Både om bygningar og om folk som har budd på Vikøyri.

Det annonserte kåseriet av Jens Brekke om sogningar og fjordingar vil koma neste fredag, den 22. mars.

Litterær konsert - Sjøen om vinteren torsdag 14. mars kl 19:30

Forfattar Sivert N. Nesbø kom ut med sin tredje og kritikarroste roman «Sjøen om vinteren» i fjor haust. Boka er ein roman om den ungdomlege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

I denne framsyninga let Nesbø teksten møte musikken til musikar og lydteknikar Erik Andreas Røkland. Røkland sitt uttrykk er organisk og samansett og byggjer på elektronikk og tangentar, samt gitar.

Velkomen til ein spanande og dynamisk sampel mellom musikk og tekst. Arrangementet er i samarbeid med Vik Folkebibliotek.

8. mars markering

Velkomen til 8. mars markering på Blix hotell, fredag 8. mars kl. 17 !

NB: merk at tidspunkt er klokka 17 !

 Markering av Den internasjonale kvinnedagen 2019 blir også i år på Blix hotel, og varmande suppe med brød er inkludert i inngangsbilletten, samt kaffi/te.

 I år er det to flotte, lokale damer som står for hovudinnlegget. Karen Sofie Tangstad og Mona Svendsen er engasjerte damer som les mykje, og dei vil knyta 8. mars i hop med Bokåret 2019. Bokåret markerar at det er 500 år sidan den første norske boka vart trykt og 8. mars komiteen i Vik meiner det er naturleg at årets markering set fokus på kvinnelitteraturen før og no.

 Karen vil presentera noko av den feministiske litteraturen frå 60- og 70-talet som ho meiner har vore viktige bidrag i kampen for likestilling og kvinnesak. Mona vil presentera feministisk litteratur i dagens bokmarknad.

 Det blir underhaldning, kvinnedags-quiz med premie til beste lag, samt trekning av premiar på inngangsbilletten.

Overskotet går som alltid til Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

 Velkomen til ei engasjerande og triveleg stund!

 

Helsing 8. mars komitéen

 

Jul på Blix hotell 2018

Program for jula 2018:

 

JULEGRAUT TORSDAG 29.11.

Torsdag 29.11. JULEGRAUT for små og store etter tenning av julegrana kl 17.00. For bordbestilling:  tlf 57 69 65 50 eller epost: booking@blixhotell.no Pris for barn kr 75 pr person, for vaksne (12 år og eldre) kr 125 pr person.

 

JULEBORD:

Fredag 7.12., laurdag 8.12., fredag 14.12. samt laurdag 15.12. har vi julebord på Blix hotell. Start kl 19.30 alle dagar. Vi serverer heimelaga mat på julebuffeten. Her vert kalde og varme rettar, og eit bugnande dessertbord. Etterpå blir det dans til levande musikk! For bordbestilling eller spørsmål: tlf 41 50 51 91 (Jorunn Åsfrid) eller epost: booking@blixhotell.no  (PS! Somme dagar er no fullbooka.)

DISKOTEK LAURDAG 22.12.:

DJ Torbjørn Mjøs kjem tilbake til oss laurdag 22.12. Han spelar frå kl 22.00. Gratis inngang fram til kl 24.00, kr 100 etter midnatt. Velkomne! (18 år)

DANS 2. JULEDAG:

"Grøftekarane" er tilbake, og då blir det garanert god stemning igjen! Førehandssalg av billettar, kr 300 pr person. Dørane opnar kl 22:00.

QUIZ FREDAG 28.12.:

Fredag 28.12. blir det JuleQuiz ved Jarle Christensen. Påmelding frå kl 19.00. Maks 5 personar pr lag, kr 50 pr person. Start kl 20.00. Velkomne!

RESTAURANTEN romjula:

Vår a la carte-restaurant er open frå kl 14.00 - 19.00 frå torsdag 27.12 til og med søndag 30.12. Ta gjerne kontakt for bordbestilling, tlf 57 69 65 50.

  

 

 

"Damenes aften" 9. november

Velkommen til "Damenes Aften" 9. november 2018 kl. 19.00

Billettsalget er i gang. Du får kjøpt dei hjå arrangørbedriftene. Kr 300 pr person.

Frisørstova, Monicasalongen, Coop Byggmix MX-Sport, Berdalsbui, Salong Elisabeth, Salong Agne, Fjordsylv og Blix hotell inviterer til ein kjekk kveld med fokus på mote, hår, hud og sminke. Det vil bli “boblekurs” (smaking og læring om cava, prosecco og champagne), servering av tapas, mannekengshow og flotte utrekningspremiar.

Me håpar det vert ein kjekk og triveleg kveld i godt lag! 

Velkomne!

Lokalhistorisk kafè med Arne Inge og Jens

Velkommen til LOKALHISTORISK KAFÈ med Jens Brekke og Arne Inge Sæbø!
Det blir kåseri på ca 15 minutt, deretter "goe prat og goe mat".

Fredagar kl 11.30 på hotellet.

Gratis inngang.
Høve til å kjøpe lunsj (kr 100 frå lunsjbuffet) eller kaffi og kake for kr 50.

Nysteikte vafler har vi òg (kr 35).

TEMA fredag 30.11. er senger om mannbjørnar ved Arne Inge Sæbø. Lars Olav spelar ved start.

TEMA fredag 7.12. vert bestemt seinare.

TEMA fredag 14.12. er gode historiar ved Jens Brekke og Arne Inge Sæbæ (omtrent som “Rorbua”). Dette blir siste gongen før jul.

Tema for fredagane etter dette vil komme etterkvart. Velkomne på hotellet!

Arrangør: Jens, Arne Inge og Blix hotell