Eg veit kva eg snakkar om! Biografisamtale med Liv Signe Navarsete, søndag 6.11. kl 16

Arrangementet er eit samarbeid med Vik bibliotek. Dei skriv: Me startar med eit musikalsk innslag frå kulturskulen.

Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk.

Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.

Og slåst, det har ho gjort. I denne biografisamtalen får vi vere med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015.

Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

Møt Jens Kihl i samtale med Liv Signe Navarsete og lokale gjester på Blix hotell denne ettermiddagen. I samarbeid med Vik bibliotek.

Velkomne søndag 6.11. kl 16:00

Bokslepp med Siril Thorsen (middagstilbod før arrangementet) onsdag 16.10.22

Arrangementet er i samarbeid med Vik Bibliotek, og dei skriv følgjande:

Me startar med eit musikalsk innslag frå kulturskulen.

Når haustmørket senkar seg og temperaturen fell kan det kanskje freiste med ei god krimbok!

Lærar og forfattar Siril-Elisabeth Haaland Thorsen vaks opp i Vik i Sogn, men er i dag busett med mann og fem barn i Fosnavåg i Herøy kommune.

«Gemini» er den første krimboka Siril Thorsen har skrive. Handlinga i boka er lagt til vakre Vik i Sogn.

Solveig Feden jobbar som kommunepsykolog i Vik i Sogn. Ho har lagt bylivet i Bergen bak seg etter samlivsbrotet, og satsar alt på ein ny start i ei ukjent bygd der alle kjenner alle og eit rykte har lynets fart.

Ein kveld vert ein 17 år gamal gut funnen drepen ved Verket.
Som ein del av kriseteamet vert Feden innkalla, og den ferske lensmannen Tøger Baade oppdagar raskt at ho sit på ein kompetanse som er heilt avgjerande for saken. Er det ein tilfeldigheit at den drepne var ein tvilling, og kvifor føler Feden at drapsmannen er lokal?

Under overflata viser det seg at bygda har mange mørke rom som fleire av innbyggarane jobbar hardt for å skjule, og kommunepsykologen viklar seg inn i ein historie som går over 40 år tilbake i tid, ein historie som set det kristne samspelet til bygda på prøve.

Velkommen til ein interessant krimkveld i haustmørket!

Lyst på MIDDAG før arrangementet?
I samband med arrangementet "Bokslepp med Siril Thorsen" har vi følgjande tilbod:
Buffè med kyllingfilet i sennepsaus, potetmos og salatmiks. Til dessert serverer vi eplekake m/ kremfløyte samt moltekrem. Kr 350 inkludert kaffi. Vi har også ordinær meny for dei som ønskjer det. Ring 57 69 65 50 for bordbestilling, innan tysdag 25.10.

Tom Roger Aadland & Dylan på nynorsk 4.10.22 kl 19:00

ARRANGØR: Vik Bibliotek (Vik kommune)

Tom Roger Aadland sitt nye album «Motgift» har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet», Stavanger Aftenblad, «en reseptfri kur mot det vonde». Dagsavisen meiner «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».

Det førre studioalbum hans «Songfugl» fekk også ei flott mottaking, og singelen «Alle dei i ei» blei mykje spelt på norsk radio. Dei to siste åra har Aadland sine Dylan-gjendiktingar gjort suksess på Det Norske Teatret i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Aadland er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn.

Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan sunge av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.

Gratis inngang.

VELKOMMEN TIL NY SESONG MED KULTURHISTORISK KAFÈ

FRÅ 23. SEPTEMBER!

Vi har gleda av annonse ny sesong med fredagskafè på hotellet. Heldige oss som har ARNE INGE SÆBØ og JENS BREKKE som igjen fyller kvar fredag fram til jul med ulike lærerike, spennande og interessante tema. Musikkinnslag vert det sikkert også.

Tradisjonell servering med vafler og kaffi, eller lunsjbuffe om ein ønskjer det. Program startar kl 11.30.

VELKOMNE!

Konsert med Helga Farestveit fredag 2. september kl 20:00

Eit musikalsk teaterspel på tre kvarter, med kjende og ukjende melodiar, med vaskekost og vindaugspuss.

Året er 1959. Vi møter Kari og Nora, to husmødre som har flytta frå Vestlandet til Oslo. Den eine lever sitt eksotiske liv på Teaterkafeen, den andre er ei nokså normal husmor for si tid: Travel, nøysam og oppteken av at heimen skal skine av både reinslegheit og glede.

 Kr 300 pr billett. Førehandssal frå fredag 26. august.

Medverkande:

Husmor Kari: Helga farestveit (song og teater)

Husmor Nora: Nora Klungresæter (piano)

 Regi: Beate Eriksen

 Idè og manus: Helga Farestveit

 

Bordbestilling muleg:

Kan bestille bord dersom ein ønskjer middag. Oppmøte seinast kl 18:00 og spiseplikt.

 

Om:

Helga Farestveit er ein norsk songar og skodespelar, busett i Oslo. Ho er oppvaksen i Sogndal og har si klassiske musikkutdanning frå Universitetet i Agder. Helga har medverka i ei rekkje konsertar og produksjonar i både inn- og utland og er i dag ein etterspurt songar og konferansier på frilansmarknaden. Ho er ein allsidig songar- og scenekunstnar som gjerne blandar sjangrar i sitt uttrykk.

 

Nora Klungresæter kjem frå Bremanger og bur i dag i Oslo. Ho har gått musikklinja på Sandane og har sin bachelor i klassisk piano frå Norges musikkhøgskule. I dag jobbar Nora som frilans pianist, klaverpedagog og har fleire spanande prosjekt gåande.

 

Helga og Nora byrja å spele saman vinteren 2022. I juli same år sette dei opp, under stønad frå Oslo kommune, tre førestellingar i Oslo med stor suksess. No er dei stolte over å kunne presentere «En husmors lengsler» på heimebane på Vestlandet.

 

Hjartleg velkomne 😊