2. JULEDAGSDANS MED IVORY

Velkomne til tradisjonell 2. juledagsdans. I år kjem IVORY tilbake! Vi gledar oss. 20 års aldersgrense. Dørane opnar kl 22:00 (slutt kl 02:00).

BILLETTAR i salg frå laurdag 21.12., i resepsjonen på Blix hotell. Kr 300 pr stk. 20 års aldersgrense.

Det blir bar i restauranten og i resepsjonen.

Ivory eit band frå Luster som spelar godlåtar frå 60-talet og framover. Låtmateriale hentar dei frå pop- og rock-sjangeren, noko som inkluderer låtar frå Rolling Stones, Hellbillies, Bruce Springsteen, CC Cowboys + mange fleire.

Besetningen er: Terje Teigen - vokal Roger Nesheim - gitar og vokal Geir Inge Fossøy - gitar, keyboard, munnspel, vokal Svein Arve Ruud - bass Joar Fossøy - trommer, kor. Dei har spelt saman sidan 1997, og vore i Vik fleire gonger. Her blir det garantert god stemning!

Velkomne!

Velkomne til julebord 2024

Velkomne til julebord desse datoane i 2024:

Fredag 6. desember

Laurdag 7. desember

Fredag 13. desember (fullbooka)

Laurdag 14. desember

Det blir tradisjonell julebordsbuffè med koldtbord og varme rettar. Musikk ved gruppa “Two4U”.

Ta gjerne kontakt på epost: booking@blixhotell.no veds pørsmål eller bestilling. Eventuelt til Jorunn Åsfrid (tlf 41505191). VELKOMNE!

Presentasjon av “Two4U”:

Duoen «TWO4U» har lang erfaring og har et repertoar som er hentet fra de siste 4-5 tiår.
Med kjente låter er det lett å bli revet med og de er flinke til å tilpasse musikken til gjestene. 
De er kjent for sitt engasjerende humør og har trådløse systemer som gjør at de kan dukke opp ved bordet ditt og engasjere til allsang og kanskje også til en dans.
De har også flere plateutgivelser bak seg med egen musikk ( under egne navn)

NY SESONG MED FREDAGSKAFE

Arne Inge og hans medhjelparar er klare for ny sesong med fredagskafe:
Fredag 13. september: Fyrste tema vert Peter Andreas Blix. Hotellet har fått eit portrett av Blix som vert avduka og då høver det å fortelja om Blix som redda dei to mellomalderkyrkjene i Vik. Arne Inge fortel og Gamlekara vil spela.
Tema dei første gongene blir slik:
Fredag 20. september kjem Anne Karin Fonneland og fortel om den nyss utkomne romanen hennar: "Sognerosa". Romanen er inspirert av bestemor til Anne Karin som var forretningskvinne og budde på Vangsnes.
Fredag 27. september kjem Magne Sørestrand att til Vik. Han har kalla kåseriet "Sannsoger frå bygdelivet i Myrkdalen og Vik, om fjell, støl og idrett".
Fredag 4. oktober kjem Jon Navarsete til Fredagskafeen og vil ta føre seg idretten i Vik og sikkert litt innom nabobygdene. Han har god oversikt over dette temaet og har eit særleg forhold til Vik etter å ha trena herrelaget i si tid.
Foredrag startar kl 11:30.
Musikk vil me prøva å få til kvar gong. Det er og høve til å kjøpa lunsj, eller kaffi og vafler.

Kvinnehelse og overgangsalder, 27.04.2024

Set av helga 27. -28. april 2024

Hild Berglund inviterer til eit viktig arrangement der kvinnehelse og overgangsalder vert sett i fokus.

Menopause by Anita /Anita Prante og Siv Gunnarsen kjem og bidreg med verdifull kunnskap

Det blir trening, foredrag på Blix hotell og fjelltur.

Alle er hjarteleg velkomne, seier Hild Berglund. Sjølv om logoen til Utdanningsforbundet er på plakaten, treng ein ikkje å vere medlem av Utdanningsforbundet for å delta.

Billettar i salg no på Blix hotell. NB! Redusert pris ved kjøp av billett før 15. mars.