Kystferie i Noreg - frå Bergen til Kirkenes

Kystferie langs verdas finaste kyststrekning!

SØNDAG 23. MARS KL 19:00

Vik Bibliotek arrangerer:

Espen A. Jacobsen kjem frå Oslo og bur i Bergen. Han er kjent for å ha gjeve ut og bidrege til fleire reisebøker, som både forfattar og fotograf. Nå får me endeleg eit gledeleg gjensyn med Jacobsen på Blix hotell. Espen kjem for å gje deg ny inspirasjon til ferieturar. Denne gongen frå boka si «Kystferie i Norge – frå Bergen til Kirkenes», anten du reiser langs kysten eller tek turen langs vegen!

Kysten frå Bergen til Kirkenes er langstrakt og full av opplevingar som er verdt eit besøk. Jacobsen tek deg med til kjente og bortgløymte perler, både i byar og tettstader, til fjells og langs langstrakte strender – og mykje meir.

Espen tek gjerne i mot spørsmål og innspel frå publikum i løpet av kvelden!

Velkomen til ein inspirerande kveld med gode reisetips til turar langs verdas finaste kyststrekning!

Gratis inngang.

Inspirasjonsforedrag og årsmøte, Vik Hagelag 3. mars kl 19:00

Vik Hagelag:

Før sjølve årsmøtet inviterar me til inspirasjonsforedrag med Arne Haukeland.
Sjå eige arrangement for dette, som er åpent for alle, også ikkjemedlemmar.
Inngangsbillett medlem kr.50 og ikkjemedlem kr.100.

Deretter, ca.20:15 startar årsmøtet.
Leiaren sponsar kaffi og Jorunn Åsfrid sponsar møtelokale, så håpet er at mange stiller på årsmøte mandag 3.mars kl.19:00

Sakliste
1. Godkjenning av innkalling
2. Val av ordstyrar og 2 til å signere protokoll
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Aktivitetsplan 2025
6. Val
7. Innkomne saker

Edle dråpar på Fedje

Edle dråpar på Fedje

Fedje, med sitt unike maritime klima, ligg på om lag same breiddegrad som Skottland. No har ei gruppe kvinnelige gründerar og investorar sett seg som mål å utvikle ein norsk whisky som kan stå på linje med dei mest anerkjende skotske whiskya.

Bli med på eit arrangement der vi deler historia bak satsinga og visjonane som har gjort dette prosjektet unikt. Du vil få høve til å høyre spennande historieforteljingar om destilleriet, og korleis dei har skapt noko heilt eige på Fedje.

I tillegg blir det smaksprøvar av dei edle dråpane. For å fullføre opplevinga, vert det servert god mat som komplementerer smaksprøvene.

Vi ser fram til å dele denne unike opplevinga med deg – ein kveld med god mat, spennande historier og sjølvsagt, smakfulle dråpar i godt selskap. Du får møte:

Therese Østervold Storebø – har mottatt fleire prisar for sitt arbeid innan utvikling av oppskrifter for gin og whisky. Hennar kunnskap, pågangsmot og driv er sentralt i utviklinga av nye smakar, med utgangspunkt i «smakane av Fedje».

Siri Fahlvik Pettersen - no kommunedirektør i Vik, men bur på Fedje når ho ikkje er her i Vik. Der har ho vore med på bedriftsetablering og reiselivsutviklinga i eit fråflyttingstrua lokalsamfunn.

20 års aldersgrense, kr 395,- inkludert lett varmt måltid og smaksprøvar. Billettar i salg i resepsjonen frå fredag 28. februar kl 19:30

Rekruttering til Vik - Frå utfordringer til løysingar

ARRANGØR: Sogn Næring, Vik kommune og Highsoft

Dato: Torsdag 27. februar 2025
Tid: 19:00 – 21:00
Stad: Blix Hotell
Utfordring: Det er eit gap mellom det arbeidstakarar vil ha og det Vik tilbyr
Mål: Identifisere konkrete tiltak for å styrke bu- og blilyst i Vik kommune

Bakgrunn
Vik kommune har unike ressursar, eit aktivt næringsliv og sterke fellesskap, men står samtidig overfor utfordringar knytt til busetjing, rekruttering av arbeidskraft og vidareutvikling av næringslivet. Korleis kan vi skape fleire moglegheiter for innbyggjarane, stimulere til vekst og sikre at Vik forblir ein attraktiv stad å bu og jobbe?

Dette arrangementet samlar næringsliv, offentlege aktørar, organisasjonar og innbyggjarar for å finne løysingar saman. Gjennom inspirasjonsinnlegg og ein interaktiv workshop skal vi identifisere konkrete tiltak som kan bidra til å styrke bu- og blilysta i kommunen.

Vi inviterer deg til å delta, dele dine perspektiv og vere med på å forme framtida for Vik!

Program
Velkomst og introduksjon (10 min)
Inspirasjon og erfaringar frå Viksdalen (15 min)
Workshop – Frå utfordringar til løysingar (60 min)
Oppsummering og vegen vidare (15 min)

Arrangeres av Sogn Næring, Highsoft og Vik Kommune

Gratis deltaking – bli med på å forme framtida for Vik!

PÅMELDING her:

https://www.sognnaring.no/arrangementsliste/2025227-bygg-framtida-i-vik-fra-utfordringar-til-lysingar?fbclid=IwY2xjawIkJ29leHRuA2FlbQIxMAABHQCBid7L_3mz0VC85dgX1qtJrrKYntuF_jBL-oHK8ypnynK7hPIMn3evpQ_aem_4w4qCUTUicby6MkZY-ZuEw

(kopier lenka inn i nettlesaren din)

Ryddar for livet - Norsk Folkehjelp sitt arbeid med minerydding i Ukraina

VIK BIBLIOTEK v/Mona inviterer til foredrag med Jan Olav Andersen, søndag 2. mars kl 19:00

Jan Olav Andersen frå Vik vart vald til ny styreleiar for Norsk Folkehjelp for snart to år sidan. Andersen har lang fartstid i fagrørsla, som forbundsleiar i El og IT forbundet. Den lange erfaringa er god erfaring å ha med seg i det viktige arbeid for Norsk Folkehjelp.

Norsk Folkehjelp har aktivitet i meir enn 30 land, svært mange av dei i krigssoner som Ukraina, Palestina, Sudan etc.

60 millionar menneske lever i område i dag, der det finst landminer og klasebomber. Stader der borna sin skuleveg i verste fall går gjennom eit minefelt. Der eit steg i feil retning kan vere fatalt. Eit stort fleirtal av offera for eksplosive våpen er sivile. Nær halvparten av dei er barn.

Norsk Folkehjelp har ei aktiv rolle i arbeidet med å beskytte sivile mot eksplosive våpen. Andersen var sjølv ei veke i Ukraina i oktober i fjor haust. Dette gjorde sterke inntrykk på han. Andersen vil fortelje om sine opplevingar i eit land som treng hjelp med å rydde opp etter krig og konflikt.

Velkomen til eit spennande foredrag om Andersen sitt engasjement og rolla hans i Norsk Folkehjelp.

Gratis inngang. Salg av forfriskninger.

VÅRSLEPPET 2025 (25. - 27.04.25)

Utdanningsforbundet i Vik, Hild Berglund, Gjertrud Samland og Gro Mykkeltvedt inviterer til

VÅRSLEPPET 2025, 25. - 27. april: Folkehelse i fokus

Ei helg med fokuks på folkehelse der du får påfyll av gode råd innan trening, vaner, liv, relasjoner og helse.

Program:

Foredrag med Sissel Gran: “Inni er vi alle unge”, Blix hotell 25.04. kl 18:00

Trening Vik Stadion 26.04. kl 10:00

Foredrag med tema “Gode vaner og trening for vaksne”, Blix hotell 26.04. kl 18:00

Felles fjelltur søndag 27.04.

BILLETTSALG på Blix hotell

Bandybadl 2025 - pizzabuffe frå kl 18:00, laurdag 29. mars

HIGHSOFT INVITERER TIL:

Bandybadl 2025 - innebandyturnering for bedrifter!

Me er tilbake! Merk av laurdag 29. mars i kalendaren din og meld deg på saman med kolleagane dine

Det sosiale står i sentrum! Blix hotell opnar dørane til Kroi på kvelden og ynskjer deltakarar og publikum velkomne. Blix hotell inviterer til pizzabuffe frå kl 18:00. Vi har også a la carte fram til kl 20:00.

Påmelding av lag til turneringa skjer her: https://docs.google.com/.../1FAIpQLScjJeO488X3Ke.../viewform