Utekonsert - Gamalostfestivalen 2025

Vi gjentar suksessen frå tidlegare og arrangerer utekonsert lørdag 7. juni 2025 i samband med Gamalostfestivalen 2025. Arrangementet er eit samarbeid mellom Dampen Pub og Blix hotell.

Det står 3 band på scena denne kvelden: Crashville, Kruttrøyk og Ein Te.

CRASHVILLE

Crashville er eit country/rock band frå Ørsta som spelar fengande bygdemusikk om fest og livet på bygda. Etablert i 2007 etter inspirasjon frå bl.a. Vassendgutane. Dei spelar eigne låtar og coverlåtar og skaper skikkeleg bygdefeststemning.

KRUTTRØYK

Krutrøyk er og eit country/rock band frå Sunnfjord og etablert i 2000. Fyrste plata deira kom i 2023 og heiter og Krutrøyk, i 2006 kom plata Kuler og krutt og i 2009 Farande fant. Bandet har turnert store deler av Sør Noreg. Av låtar kan med nemna: Kallen med krag´en, Jaggu bli mi, Luta lei og Såg ei jente.

EIN TE

Vårt lokale band skal og sjølvsagt spela på torget under Gamalostfestivalen, laurdag 7. juni. Alt ligg til rette for ein kjempekonsert og kjempeoppleving på Vikøyri denne laurdagen. Me høyrde dei sist under musikklaget sin 90-års konsert, og på utekonserten under Gamalostfestivalen 2024. Dei imponerer stort. 

Arrangementet blir flytta til Blixhalli i tilfelle dårleg vær.

18 års aldersgrense. Portane opnar kl 20:00. Servering fram til kl 02:00.

Billettar på TicketCo:

https://blixhotell.ticketco.events/no/nb/e/gamalostfestivalen_2025__utekonsert_med_crashville_kruttroeyk_og_ein_te

Pris pr billett ved kjøp innan torsdag 5. juni: kr 575,-

Pris pr billett ved kjøp innan lørdag 7. juni: kr 700,-

VELKOMNE!

Påsketreff & Standup i Vik

Onsdag 16. april kl 17:00 - 22:00 på Blix hotell

Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat! Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik – med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?

Vi har mange gode premiar, blant anna festivalpass til Fres Festival! Premiane vert trekte gjennom ein bedriftsbingo, der du må møte opp mellom 17:00 og 17:45 for å delta. Kom i tide og bli med på moroa

Raymond Falldalen kjem for å servere eit forrykande standup-show fullt av skarpe observasjonar og god humor! Her blir det garantert mykje latter og god stemning, så gjer deg klar for ein kveld med ekte komisk energi!

Program:
17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier
19:00–20:00 – Matservering og mingling
20:00–21:00 – Standup med Raymod Falldalen
Etter 21:00 – Musikk, DJ og god stemning

Arrangemente er gratis og opent for alle. Supert om du trykker SKAL hvis du veit at du kjem så har vi litt oversikt over kor mykje mat som skal lages

Arrangør: Vik Næringssamskipnad, Sogn Næring

Dans skjærtorsdag - Get Up!

Det blir tradisjonell påskedans skjærtorsdag 17. april med gruppa Get Up!


Ein av frontfigurane i Get Up! er Henrik Hovland som har vore på Blix fleire gonger med gruppa Grøftekarane.

Det er alltid god stemning og fullt hus på skjærtorsdagsdansen. Vi gledar oss. Hjarteleg velkomne!
20 års aldersgrense. Kr 300 pr billett. Førehandssalg av billettar frå mandag 14. april i resepsjonen på hotellet.

Verda er vid, men vossakrim er vidare

ONSDAG 2. APRIL KL 19:00

VIK BIBLIOTEK ARRANGERER:

Randi Fuglehaug har hatt stor suksess med sine krimromanar frå heimbygda Voss. Trilogien Fallesjuke, Tonedød og Skallebank er både kritikarrost og prislønt, og bøkene er oversett til åtte språk.

I foredraget sitt fortel Fuglehaug korleis det gjekk til at ho begynte å skrive krim, kvifor ho ville gjere den vakre skibygda Voss om til arnestad for skurkar og drapsmenn. Ho avslører også at ho har planlagt fleire bøker med den nysgjerrige og matglade hovudkarakteren Agnes Tveit.

Gratis inngang.

Kystferie i Noreg - frå Bergen til Kirkenes

Kystferie langs verdas finaste kyststrekning!

SØNDAG 23. MARS KL 19:00

Vik Bibliotek arrangerer:

Espen A. Jacobsen kjem frå Oslo og bur i Bergen. Han er kjent for å ha gjeve ut og bidrege til fleire reisebøker, som både forfattar og fotograf. Nå får me endeleg eit gledeleg gjensyn med Jacobsen på Blix hotell. Espen kjem for å gje deg ny inspirasjon til ferieturar. Denne gongen frå boka si «Kystferie i Norge – frå Bergen til Kirkenes», anten du reiser langs kysten eller tek turen langs vegen!

Kysten frå Bergen til Kirkenes er langstrakt og full av opplevingar som er verdt eit besøk. Jacobsen tek deg med til kjente og bortgløymte perler, både i byar og tettstader, til fjells og langs langstrakte strender – og mykje meir.

Espen tek gjerne i mot spørsmål og innspel frå publikum i løpet av kvelden!

Velkomen til ein inspirerande kveld med gode reisetips til turar langs verdas finaste kyststrekning!

Gratis inngang.

Inspirasjonsforedrag og årsmøte, Vik Hagelag 3. mars kl 19:00

Vik Hagelag:

Før sjølve årsmøtet inviterar me til inspirasjonsforedrag med Arne Haukeland.
Sjå eige arrangement for dette, som er åpent for alle, også ikkjemedlemmar.
Inngangsbillett medlem kr.50 og ikkjemedlem kr.100.

Deretter, ca.20:15 startar årsmøtet.
Leiaren sponsar kaffi og Jorunn Åsfrid sponsar møtelokale, så håpet er at mange stiller på årsmøte mandag 3.mars kl.19:00

Sakliste
1. Godkjenning av innkalling
2. Val av ordstyrar og 2 til å signere protokoll
3. Årsmelding
4. Rekneskap
5. Aktivitetsplan 2025
6. Val
7. Innkomne saker