Her finn du link til Sommaravisa 2026
I Sommaravisa er det mykje kjekt å lese om det som skjer i Vik, samt årets Gamalostfestival som skjer 22. - 25. mai 2025 (pinsehelga). Velkomne til Vik!
Her finn du link til Sommaravisa 2026
I Sommaravisa er det mykje kjekt å lese om det som skjer i Vik, samt årets Gamalostfestival som skjer 22. - 25. mai 2025 (pinsehelga). Velkomne til Vik!
Velkomne til vår gode 17. mai buffè med kalde og varme rettar, barnebuffè og dessertbord kl 15:00 - 19:00.
Ring 57696550 for bordbestilling, eller på epost til booking@blixhotell.no.
Voksne kr 495,- Barn under 3 år gratis; barn 3 - 12 år kr 195,- Velkomne!
Program for påska 2026:
ONSDAG 1. APRIL:
Påsktreff og StandUp. Sjå eigen omtale på nettsida. Arrangør: Vik Næringssamskipnad. Påsketreff frå kl 17:00 og StandUp kl 20:00. Restauranten er ikkje open for ordinær servering denne dagen dessverre. Ta kontakt på tlf 57696550 ved spørsmål.
SKJÆRTORSDAG 2. APRIL :
Hit Station spelar til dans frå kl 22:00. Hit Station har også vore hjå oss før, og skapte full fyr på dansegolvet. Dørane opnar kl 22:00. 20 års aldersgrense. Billettar i salg på TicketCo. Restauranten er ikkje open for ordinær servering denne dagen. Ta kontakt på tlf 57606550 ved spørsmål.
LANGFREDAG 3. APRIL
Jarle Christensen er klar med ein ny påske-quiz. Påmelding frå kl 19:00, og start kl 20:00. Lurt å vere tidleg ute, då det blir tidleg fullt. Quiz’en til Jarle er veldig populær. Restauranten er open frå kl 16:00. For bordbestilling send epost til booking@blixhotell.no eller ring på tlf 57696550.
PÅSKEAFTA LØRDAG 4. APRIL
Restauranten er open frå kl 16:00 - 20:00. Ta gjerne kontakt på telefon for bordbestilling
PÅSKEDAG SØNDAG 5. APRIL
Restauranten er open frå kl 15:00 - 19:00. Ta gjerne kontakt på telefon for bordbestilling.
2 PÅSKEDAG MANDAG 6. APRIL:
Restauranten/hotellet er stengt denne dagen.
VELKOMNE!
Møt ein av Noregs mest populære krimforfattarar!
På Blix hotell kl 19:00 den 25. mars (Arrangør: Vik bibliotek)
Jørgen Jæger kjem til Blix hotell for å fortelje om forfattarskapen sin og korleis det heile tok til – i dialog med publikum.
Den nyaste boka hans, Narrespill, som kom ut i fjor haust, er bok nummer 15 i serien om Ole Vik og Cecilie Hopen. Ho har lege 23 veker på bestseljarlista til Bokhandlerforeininga.
Jæger sitt bokunivers er filmatisert, med Kristoffer Hivju i hovudrolla som Ole Vik. Serien kjem som påskekrim i fire episodar på TV 2 i år, med premiere på TV 2 Play 19. mars og på TV 2 Direkte 26. mars – faktisk dagen etter som Jæger vitjar Blix hotell.
Eksteriørscenene er spela inn i Balestrand, Lærdal og Årdal. Med vakre Sognefjorden som kulisse er serien ei praktfull reklame for Sogn. Serien skal visast i fleire land, mellom anna i dei skandinaviske nabolanda og i Tyskland og Austerrike.
Jæger debuterte med Skyggejakten i 2003, men fekk det store gjennombrotet først i 2012. No, etter 22 år, har han selt meir enn 1,4 millionar bøker i Noreg. Han har vore nominert til fleire prisar, mellom anna Bokhandlarprisen fem gonger og Sølvkniven to gonger. I dag er han ein av dei mest populære og bestseljande krimforfattarane i landet.
Vegen fram til suksess har vore lang og kronglete – men det byrja med ein draum. Forfattaren gler seg til å fortelje!
Velkommen til ein spennande, inspirerande krimkveld
Ope for alle – gratis inngang.
Nysgjerrig på jobb og moglegheitene som finst i Vik? Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat!
Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik, med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?
👉 Det er heilt gratis å delta!
📍 Påsketreffet er i regi av Vik Næringssamskipnad
⏰ 17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
🛋️ 18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier
🍽️ 19:00–20:00 – Matservering og mingling
😂 20:00–21:00 – Standup
🎶 Etter 21:00 – Musikk, DJ og god stemning
Til alle medlemmer av Foreininga for Fjordvegen RV13!
Me inviterer allereie no til samferdslemøte, som vert avslutta med årsmøte, i Vik i Sogn den 24. april.
Her vil me kunne møtast for gode diskusjonar og informasjon i høve samferdsleløysingar for riksvegen vår. Der kjem mellom anna:
- Svenn Egil Finden, regiondirektør i Statens Vegvesen
- Arve Helle, leiar for hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune
- Randi W. Frisvoll, leiar for Nasjonal rassikringsgruppe
Me vonar de som medlemmer vil ta turen til Vik denne dagen.
Formell innkalling til årsmøte kjem litt seinare. Men de kan allereie no tinga billett til arrangementet via denne lenka: Påmelding til samferdslemøte
Velkomen til Vik i Sogn den 24. april!
Velkomne til 8. mars arrangement 2026
Billettar finn du i TicketCo; søk på Blix hotell eller trykk her
Hit Station kjem tilbake for å gi oss hits på rekke og rad skjærtorsdag 2. april. Dørane opnar kl 22:00. 20 års aldersgrense. Billettar kjem i salg på TicketCo frå midten mars. Velkomne!
“Hit Station er et partyband fra Norge. Med et navn som like gjerne kunne vært din favoritt radiokanal, har HIT STATION bestemt seg for å gi nettopp DEG det DU vil høre og spille DINE favorittlåter, samt også noen låter du ikke visste at du digget.”
Jarle Christensen er klar med ny spennande quiz langfredag 3. april. Påmelding frå kl 19:00, quiz kl 20:00.
Restauranten er open frå kl 16:00. For bordbestilling; ring tlf 57696550. Vi gledar oss. Velkomne!
Kva med å be med mor på middag søndag 8. februar? Ring gjerne tlf 57 69 65 50 for bordbestilling. Vi har a la carte frå kl 15.00 - 19:00.
Sjå bilde med meny
Kva med å kombiner middag og eit møte med Noralv og Ben?
ARRANGEMENT KL 19:00:
Kl 19:00 kjem Ben Ward frå Kroken, kjend frå “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” i lag med Noralv Pedersen. Arrangør er Vik Folkeakademi og Vik Bibliotek. Gratis inngang. Velkomne!