Gamalostfestivalen 2019

Gamalostfestivalen nærmar seg. Program for helga finn du her: www.gamalostfestivalen.no

Velkommen til Vik og Gamalostfestival pinsehelga! Som vanleg er det eit rikt og allsidig program med både kultur og idrett på programmet.

Blix hotell skal ha fleire arrangement gjennom festivalhelga:

Fredag 7. juni: Dans med “Folk Flest” kl 22.00 (2o års grense). Den kjende gruppa “Folk Flest” frå Luster dreg både yngre og godt vaksne til konsertane sine. “Folk Flest” spelte også til dans på Blix hotell under Gamalostfestivalen 2018, og frå første stund vart det fullt trøkk på dansegolvet. Vi er svært glade for at dei kjem tilbake på Blix hotell. Vokalisten Einar Bolstad er godt kjend i Vik frå før, mellom anna som solist på Ottar Wiik sin “Sogn og Fjordane"-sang. Billettar i salg på hotellet frå kl 16.00 fredag 7. juni. Maks 250 besøkande. Hugs å sikre deg billett før det vert utselt. Velkomne! (Medarrangør: Vik IL Skiskyting)

Laurdag 8. juni: kl 18.00 Utekonsert med “Vamp” (inga aldersgrense). Me gledar oss slik til at Vamp kjem tilbake! Det var ein fantastisk kveld og konsert i hagen vår i 2016. Billettar i salg no på hotellet eller på www.ticketmaster.no (gratis for barn under 11 år, ungdomsbillett kr 220 for dei mellom 11 og 15 år. Vaksne kr 450). Det er ein utekonsert, så ta gjerne med noko å sitte på. PS! Det har meldt finare ver no framover. (Medarrangør: Vik IL Skiskyting)

Laurdag 8. juni: kl 22.00 vert det dans med “Pryl” og “Ein te”. Endeleg skal vi få høyre våre kjende lokalband på hotellet. Vi ser skikkeleg fram til dette. Billettar i salg på hotellet frå kl 16.00 fredag 7. juni. Maks 250 besøkande. Velkomne! (Medarrangør: Vik IL Fotball).

Mandag 20. jui: kl 20.00 Quiz med Jarle Christensen som quiz-mester. Påmelding frå kl 19.00. Velkomne!