Vik Bibliotek har ofte kjekke arrangement der ein mellom anna møter forfattarar av kjende bøker.
Så langt er følgjande planlagt av aktivitetar på Blix hotell:
Forfattar Anita Østerbø onsdag 29. oktober kl. 1900
Ho står bak den populære bokserien «Skammens mødre» om dei tøffe kampane til aleinemødrer. Alle bøkene bygger på sanne historier, dei føregår for det meste i Bergen og handlar om mora til forfattaren, hennar fire veninner og borna deira. Bøkene tek opp viktige tema som skam og fortiing, sosiale skilnader og kvinnekamp.
Vi får eit innblikk i barneheimane, følgjer adoptivborna og blir vitne til partnarvald og kampen om borna.
Boka er den mest utlånte serien på biblioteket.
Forfattar Oddrun Midtbø onsdag 19. november kl. 1900
Her kjem oppfølgjaren til Harastølen-boka! Ho var på Blix hotell 23. november 2023, 2 år sidan. Det var eit interessant og gripande føredrag. Gler meg
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden?
Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet. Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?
Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga. Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.
I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.
Jørgen Jæger onsdag 24. mars 2026
Me får besøk av Jørgen Jæger onsdag 24. mars 2026. Han skriv krimbøker, og bokserien hans skal bli til påskekrim på TV2 i 2026. Dette besøket blir rett før premieren, så dette blir veldig spennande.