Det blir utekonsert med Vassendgutane, lørdag 23. mai 2026. Arrangementet er ein del av Gamalostfestivalen 2026, og arrangørar er Dampen Pub og Blix hotell.
Dersom det skulle bli dårleg ver, blir utekonserten flytta innandørs til Blixhalli.
Billettar får de kjøpt her
18 års aldersgrense.
VASSENDGUTANE; ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY!
Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategorien kan vise til. Allsangen ”rungar” når bandet spelar. Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum frå første strofe.
Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle utrykket. Dei opptrer også 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. Og sjølvsagt slagarane "Ungkar Med Dobbelseng", "Granada", "Hjortejakt" og "Longt Inne I En Fjord".