Ben Ward - Fjellgarden Kroken - Draumen om eit enklare og meir komplisert liv

SØNDAG 8. FEBRUAR KL 19:00

ARRANGØR: Vik Folkebibliotek og Vik Folkeakademi

Me startar søndagskvelden på Blix med vår eigen NRK-journalist Noralv Pedersen, som er kjend frå den populære og tradisjonsrike NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Episodane med Ben Ward på Fjellgarden Kroken sette digital sjåarrekord. Pedersen vil ønskje velkomen med nokre opningsord.

Kom til Blix for å høyra historia om Benjamin Ward frå London til Kroken, fortalt av Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn.

Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane sto i kø. kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette ham på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det var han sjølv som trengte reparasjon.

Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogleg når du nektar å gje opp. Nokon draumar er verdt å kjempe for – eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit.

Foredraget er på Engelsk.

Arrangementet er i samarbeid med Vik folkebibliotek og Vik Folkeakademi.

Gratis inngang.