"Sider frå Sogn" fredag 16. oktober kl 19:00

"Sider frå Sogn" - ein kveld med gode smakar presentert av Hege Skogen

I nær 1000 år har epletre vakse langs Sognefjorden. Bøndene har poda, foredla og drive med nyskaping. I dag har Sogn mange stolte produsentar som utfordrar med nye sidervariantar og matopplevingar. Denne kvelden får vi smake og ikkje minst lære om sider frå Sogn når Hege Skogen kjem på besøk Ved sidan av sideren vert det lokal tapas/fingermat frå vårt eige kjøkken.
Billettar i salg frå 28. september (maks antall og pris blir annonsert seinare)