Laurdag 5. oktober blir det dans! Gruppa “Lots of cash” spelar variert og god dansemusikk, mykje countryinspirert. Velkomne! (20 år, 150 kr)
QUIZ fredag 9.8. kl 20 (quizsjef: Anne Mårdalen) Velkomne!
Påmelding frå kl 19.00. Kr 50 pr person.
Dans 10. august Bringebærfestivalen
Me kan med glede annonsere at Odne Røyrvik og Bjarte Breilid kjem tilbake på hotellet for å spele til dans laurdag 10. august. Arrangementet er i samarbeid med Bringebærfestivalen. 20 år. Billettsalg i døra. Velkomne!
Quiz mandag 10. juni
Quiz-mester Jarle Christensen er klar. Er du? Velkomne. Start kl 20.00, påmelding frå kl 19.00. Alle velkomne!
Dans med "Pryl" og "Ein te" laurdag 8. juni
Laurdag 8. juni kl 22.00 blir det dans med vikjagruppene “Pryl” og “Ein te”. 20 års aldersgrense. Billettar i salg frå fredag 7. juni kl 16.00. Medarrangør: Vik IL Fotballgruppa. Velkomne!
"Folk Flest" spelar til dans fredag 7. juni
Vi er så glade for at “Folk Flest” kjem tilbake fredag 7. juni for å spele til dans. I fjor drog dei fullt hus på Gamalostfestivalen, og slik blir det nok i år også. (2o års aldersgrense). Billettar i salg frå fredag 7. juni kl 16.00 på hotellet.
Medarrangør: Vik IL Skiskyting.
Gamalostfestivalen 2019
Gamalostfestivalen nærmar seg. Program for helga finn du her: www.gamalostfestivalen.no
Velkommen til Vik og Gamalostfestival pinsehelga! Som vanleg er det eit rikt og allsidig program med både kultur og idrett på programmet.
Blix hotell skal ha fleire arrangement gjennom festivalhelga:
Fredag 7. juni: Dans med “Folk Flest” kl 22.00 (2o års grense). Den kjende gruppa “Folk Flest” frå Luster dreg både yngre og godt vaksne til konsertane sine. “Folk Flest” spelte også til dans på Blix hotell under Gamalostfestivalen 2018, og frå første stund vart det fullt trøkk på dansegolvet. Vi er svært glade for at dei kjem tilbake på Blix hotell. Vokalisten Einar Bolstad er godt kjend i Vik frå før, mellom anna som solist på Ottar Wiik sin “Sogn og Fjordane"-sang. Billettar i salg på hotellet frå kl 16.00 fredag 7. juni. Maks 250 besøkande. Hugs å sikre deg billett før det vert utselt. Velkomne! (Medarrangør: Vik IL Skiskyting)
Laurdag 8. juni: kl 18.00 Utekonsert med “Vamp” (inga aldersgrense). Me gledar oss slik til at Vamp kjem tilbake! Det var ein fantastisk kveld og konsert i hagen vår i 2016. Billettar i salg no på hotellet eller på www.ticketmaster.no (gratis for barn under 11 år, ungdomsbillett kr 220 for dei mellom 11 og 15 år. Vaksne kr 450). Det er ein utekonsert, så ta gjerne med noko å sitte på. PS! Det har meldt finare ver no framover. (Medarrangør: Vik IL Skiskyting)
Laurdag 8. juni: kl 22.00 vert det dans med “Pryl” og “Ein te”. Endeleg skal vi få høyre våre kjende lokalband på hotellet. Vi ser skikkeleg fram til dette. Billettar i salg på hotellet frå kl 16.00 fredag 7. juni. Maks 250 besøkande. Velkomne! (Medarrangør: Vik IL Fotball).
Mandag 20. jui: kl 20.00 Quiz med Jarle Christensen som quiz-mester. Påmelding frå kl 19.00. Velkomne!
Vamp laurdag 8. juni 2019
Vi har gleda av å invitere til Vamp-konsert i bakhagen, laurdag 9. juni 2019 kl 18.00. Konserten er ein del av programmet under Gamalostfestivalen 2019.
Vamp var held også konsert hjå oss sommaren 2016, og det var ei stor oppleving med 700 publikummarar.
Informasjon:
Utekonsert i bakhagen til Blix hotell, kl 18.00
Laurdag 9. juni 2019 i samband med Gamalostfestivalen
Billettsalg vert annonsert seinare.
Ta gjerne med noko å sitte på.
Arrangør: Blix hotell i lag med Vik IL
Dans Påskeafta med "Håvard Skaatun band"
Påskeafta 20.4. kjem Håvard Skaatun tilbake på hotellet i lag med bandet sitt. Dei spelar god dansemusikk, og me ser fram til å høyre dei igjen. 20 års aldersgrense, kr 250. Billettane er i salg no. Velkomne!
Dans Skjærtorsdag 18. april med "BRB"
Skjærtorsdag 18.04. kjem Bakketeig, Røyrvik og Breilid ("BRB") på Blix hotell og spelar opp til dans. Me er så glade for å ha dei tilbake! På repertoaret står Hellbillies, Vassendgutane, Beatles, REM, Dire Straits, Eric Clapton med meir. Me gledar oss. Billettane er i salg no på hotellet; kr 250 pr stk, 20 års aldersgrense. Velkomne!
