Kulturhistorisk kafe (fredagskafèen) startar opp att fredag 17. september 2021

Det er med stor glede vi kan annonsere at kulturhistorisk kafe (fredagskafèen) startar opp att frå fredag 17. september. Som tidlegare er det Arne Inge Sæbø og Jens Brekke som står bak program og innhald, medan Blix hotell tilbyr kald lunsjbuffet, vafler og kaffi attåt. Dørane opnar kl 11.00, og programmet startar ca kl 11.30.

Minner om Covid-19 smittevern: Ikkje kom dersom du i kkje er frisk, hald avstand og god handhygiene.

Velkomne! Vi gledar oss!

Juletallerken og musikkquiz laurdag 12. desember

Laurdag . desember kl 19.00 inviterer vi til 2- eller 3-retters julemiddag med påfølgjande musikkquiz ved årdalsgruppa “Hit Duo”.

Ein treng ikkje vere meister i musikk for å delta, då quizen er innom ulike tema, men relatert til musikken.

Ta kontakt på telefon 57 69 65 50 for bordbestilling.

NB! Noverande Covid-19 reglar betyr maks 50 personar i restauranten, og avslutta servering kl 24.00. Hugs på smittevernreglane: 1 meter avstand mellom alle som ikkje er frå same husstand, ikkje kom om du ikkje er heilt frisk og hugs på god handhygiene. Vi skal legge til rette for å ein trygg kveld på Blix hotell.

Juletallerken og musikkquiz laurdag 5. desember

Laurdag 5. desember kl 19.00 inviterer vi til 2- eller 3-retters julemiddag med påfølgjande musikkquiz ved vikjagruppa “Ein te”.

Ein treng ikkje vere meister i musikk for å delta, då quizen er innom ulike tema, men relatert til musikken. Vi gledar oss stort til at “Ein te” kjem tilbake etter ein svært vellykka kveld med musikkquiz i juni 2020.