Frå søndag 22. november serverer vi juletallerken kvar dag søndag - torsdag, kl 15 - 19 på vår a al carte meny. Vi har vanlegvis ikkje ope kvar fredag og laurdag, men ta gjerne kontakt om de ønskjer å bestille desse dagane. Tlf 57 69 65 50.
Kulturhistorisk kafe kvar fredag kl 11.30
Kvar fredag fram til jul 2020 vil det vere kulturhistorisk kafe der Arne Inge Sæbø eller Jens Brekke syter for interessante kåseri, musikk, gjester, film eller anna program av stor interesse for oss som er frå Vik eller som har kjennskap til Vik. Ofte er det også gjester som syter for bidraget til dei kjekke fredagsseminara. Oppstart er kl 11.30 kvar gong, og hotellet syter for kaffi og vafler (kr 80 pr person). Det vil også vere høve til å bestille påsmurt eller pizza. På grunn av korona-situasjonen vert det ikkje servert lunsjbuffet for tida. Velkomne!
NB! Hugs på smittevernreglane: hald minst 1 meter avstand (unntatt din kohort), ikkje kom med mindre du er heilt frisk, og syt for god handhygiene. Ta gjerne kontakt på tlf 57 69 65 50 om det er noko.
QUIZ-KONSERT LAURDAG 20. JUNI
Vikjagruppa “Ein Te” og Anne Mårdalen inviterer til Quiz-konsert laurdag 20. juni kl 20:00 på hotellet. Førehandssal av billettar frå onsdag 10. juni kl 11:00 på hotellet. Kr 100 pr person. Vi gledar oss stort, - velkomne skal de vere! (NB! På grunn av Covid-19 reglane er det litt mindre sitteplassar enn vanleg. Kanskje lurt å vere tidleg ute? Minner også om god handhygiene, halde avstand, og halde seg heime om ein ikkje er heilt frisk) Velkomne!
Blix hotell er ope 16. og 17. mai
Me er glade for å kunne ønskje velkommen til open restaurant laurdag 16. og søndag 17. mai!
Laurdag 16. mai:
Ope kl 18 - 23 (a la carte kl 18 - 21)
Søndag 17. mai:
2 bordseter: kl 14 og 17. Servering av rømmegraut m/tilbehør (kr 195). Barnemeny: pølse og pommes frites (kr 65).
COVID 19:
Kun forhåndstinging av bord (tlf 57 69 65 50).
Maks 5 personar pr bord (med unntak av dersom dei som er frå same husstand)
Maks 50 personar i restauranten
Ta hensyn til dei andre gjestene, hald avstand, vask hendene, og ikkje kom dersom du er sjuk.
Hjarteleg velkomne!
AVLYST "Grøftekarane" er tilbake Skjærtorsdag
Grøftekarane spelar til dans Skjærtorsdag 9. april. Kr 250, 20 års aldersgrense. Billettane blir lagt ut når det nærmar seg påske. Velkomne til god dansemusikk!
NB! Vi følgjer situasjonen rundt Corona nøye. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel.
AVLYST Diskotek og pizzabuffet laurdag 14. mars
Det blir diskotet og pizzabuffet etter Hihgsoft sitt arrangement “BandyBadl 2020!” i Blixhalli.
Pizzabuffet frå kl 19:00 - 22: 00 (kr 80 pr person, ta kontakt for bordbestilling)
DJ Torbjørn Mjøs er tilbake og spelar godmusikk kl 22:00 - 02:00! Gratis inngan før kl 24. 18 år. Velkomne!
AVLYST Gunnar Garfors – Ingenstads, torsdag 19. mars kl 19:00
Velkommen til nytt arrangement i lag med Mona og Vik Folkebibliotek.
TORSDAG 19. mars kl 19:00, billett kr 100
Gunnar Garfors er verdas mest bereiste person, kjent for å ha besøkt alle land fleire gonger. I boka
"Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land" tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Med ein solid dose empati, ei bøtte med sjølvironi og omfattande kunnskap har han vevd opplevingane sine saman til ei lett, men ikkje lettvint, bok som har fått strålande kritikkar, inkludert terningkast 6 i Noregs største reisemagasin. Forvent ei ujålete og ofte lattervekkande reise, men kanskje må du også hente fram lommetørkleet. For 44-åringen tek oss med til både paradisøyar og krigsherja land. Det vert
informative og tankevekkande historier frå mellom anna Afghanistan, Turkmenistan, Kiribati, Jemen og Den sentralafrikanske republikken. Garfors fortel om land ein knapt har høyrt om og som neppe gjev andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I ei tid prega av konflikt vil forfattaren inspirere publikum til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eigen og som kanskje kan bidra til ei breiare forståing av andre menneske, nasjonar og verdsbilete. Naustedølen er utdanna journalist og når han ikkje skriv eller
reiser, jobbar han som prosjektleiar for NRK i Oslo. Han er også kjent frå sine reisebrev i Nitimen på NRK P1, Noregs største reise- og geografipodkast Globusrulett (globusrulett.no) og reisenettstaden garfors.com.
Alle er hjarteleg velkomne.
Billett kr. 100,- kan kjøpas ved inngangen.
Det vert mogleg å kjøpa forfriskingar.
Rune Timberlid og Jon Narvasete – Superlaget frå Sogndal, 5. mars kl 19:00
Velkommen til nytt arrangement i samarbeid med Mona og Vik Folkebibliotek 5. mars kl 19:00
Forfattar Rune Timberlid kjem til Blix for å fortelje frå boka si, «Superlag frå Sogndal
– Bygdelaget som vart toppklubb i fotball». Rune tek med seg sin makker og
kamerat Jon Navarsete, som har mykje kunnskap om Sogndal fotball. Dei to karane
har eit rikt biletmateriale og ei historie å fortelje om dei som bygde ein
kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar.
Dyktige leiarar bygde opp vesle Sogndal Fotball til å bli eit topplag i norsk fotball. Dagens
hovudtrenar Eirik Bakke er blant dei som skal føra vidare det som er skapt på
Fosshaugane.
Gong etter gong har klubben frå bygda ved
Sognefjorden rykka opp i Eliteserien. Midt på 1970-talet fekk klubben fram eit
lag som nådde cupfinale og rykka opp i vår nest øvste serie. Sidan 1977 har
Sogndal Fotball aldri vore under OBOS-ligaen. Samstundes har klubben på
imponerande vis bygt moderne anlegg.
Frå å vera eit typisk bygdelag, er Sogndal Fotball utvikla til ein moderne klubb som nærmar seg 100 millionar kroner i årleg omsetning. Denne boka fortel korleis klubben fekk det til.
Velkommen på Blix hotell jula 2019
Ta kontakt ved spørsmål eller bordbestilling: tlf 57 69 65 50
Opningstider restaurant ( a la carte):
Julafta, 1. juledag og 2. juledag: stengt (dans med Ivory 2. juledag)
Fredag 27. desember: pizzadag (men kan bestille a la carte på førehand/før jul) NB! Quiz påmelding frå kl 19, start kl 20.
Laurdag 28. desember: kl 15.00 - 18.00 (Julelatter kl 21, dørane opnar kl 20)
Søndag 29. desember: kl 15.00 - 19.00
Mandag 30. desember: kl 15.00 - 19.00
Nyttårsafta og 1. nyårsdag: stengt
VELKOMNE!
Herrenes Aften eller karane sin kveld 22.11. kl 19:30
Endeleg ein kveld berre for karane! Det blir servering av litt mat og drikke. Balder kjem frå Leikanger med mange gode smakar, og så serverer vi mat som passar til. Me håpar på ein triveleg kveld. Billettar i salg no. NB! Siste salgsdato er tysdag 19.11.19! Kr 350 pr person.
