Velkommen til nytt arrangement i lag med Mona og Vik Folkebibliotek.
TORSDAG 19. mars kl 19:00, billett kr 100
Gunnar Garfors er verdas mest bereiste person, kjent for å ha besøkt alle land fleire gonger. I boka
"Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land" tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Med ein solid dose empati, ei bøtte med sjølvironi og omfattande kunnskap har han vevd opplevingane sine saman til ei lett, men ikkje lettvint, bok som har fått strålande kritikkar, inkludert terningkast 6 i Noregs største reisemagasin. Forvent ei ujålete og ofte lattervekkande reise, men kanskje må du også hente fram lommetørkleet. For 44-åringen tek oss med til både paradisøyar og krigsherja land. Det vert
informative og tankevekkande historier frå mellom anna Afghanistan, Turkmenistan, Kiribati, Jemen og Den sentralafrikanske republikken. Garfors fortel om land ein knapt har høyrt om og som neppe gjev andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I ei tid prega av konflikt vil forfattaren inspirere publikum til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eigen og som kanskje kan bidra til ei breiare forståing av andre menneske, nasjonar og verdsbilete. Naustedølen er utdanna journalist og når han ikkje skriv eller
reiser, jobbar han som prosjektleiar for NRK i Oslo. Han er også kjent frå sine reisebrev i Nitimen på NRK P1, Noregs største reise- og geografipodkast Globusrulett (globusrulett.no) og reisenettstaden garfors.com.
Alle er hjarteleg velkomne.
Billett kr. 100,- kan kjøpas ved inngangen.
Det vert mogleg å kjøpa forfriskingar.