Velkommen til nytt arrangement i samarbeid med Mona og Vik Folkebibliotek 5. mars kl 19:00
Forfattar Rune Timberlid kjem til Blix for å fortelje frå boka si, «Superlag frå Sogndal
– Bygdelaget som vart toppklubb i fotball». Rune tek med seg sin makker og
kamerat Jon Navarsete, som har mykje kunnskap om Sogndal fotball. Dei to karane
har eit rikt biletmateriale og ei historie å fortelje om dei som bygde ein
kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar.
Dyktige leiarar bygde opp vesle Sogndal Fotball til å bli eit topplag i norsk fotball. Dagens
hovudtrenar Eirik Bakke er blant dei som skal føra vidare det som er skapt på
Fosshaugane.
Gong etter gong har klubben frå bygda ved
Sognefjorden rykka opp i Eliteserien. Midt på 1970-talet fekk klubben fram eit
lag som nådde cupfinale og rykka opp i vår nest øvste serie. Sidan 1977 har
Sogndal Fotball aldri vore under OBOS-ligaen. Samstundes har klubben på
imponerande vis bygt moderne anlegg.
Frå å vera eit typisk bygdelag, er Sogndal Fotball utvikla til ein moderne klubb som nærmar seg 100 millionar kroner i årleg omsetning. Denne boka fortel korleis klubben fekk det til.