JULEBORD 2023

Vi ønskjer velkomne til julebord:

fredag 1. desember (fullbooka)

laurdag 2. desember (ledige plassar)

fredag 15. desember (ledige plassar)

laurdag 16. desember (ledige plassar)

Det blir koldtbord, varm julematbuffè og desssert m/kaffi. Dans til Tor Talle Duo etterpå.

Velkomne!

Ta kontakt med Jorunn Åsfrid på tlf 41505191 eller jar@blixhotell.no for tilbod eller spørsmål.

KRIG OG PANDEMI I EUROPA m/Roger Sevrin Bruland

ARRANGØR: FOLKEUNIVERSITETET I VIK

Foredrag med Roger Sevrin Bruland 

Med NRK mikrofonen tett til brystet i uvær, flyalarmar og med flammande nynorsk, har vi fått innblikk i gode og særs utfordrande tilstandar i midt og Øst-Europa.

 Roger Sevrin Bruland er frå Utvik i Stryn og har dei siste 15 åra arbeida for NRK. Han er Berlin -Korrespondent og har det siste året mellom anna gitt oss nyheiter frå Ukraina.

No kjem han på turne med eit foredrag om kvardagen som Berlin-korrespondent, og korleis han med sine erfaringar kan gje eit bilde av Europa.

SØNDAG 5. NOVEMBER KL 19:00. Billettsalg i døra. Muleg med bordreservasjon i samband med servering av middag.

Gamalostfestivalen 2023; programmet på Blix hotell

Velkomne til Gamalostfestivalen 2023, 26. - 29. mai

For fullstendig program under heile festivalen: https://gamalostfestivalen.no/#program


Det som skjer på Blix hotell:

FREDAG 26. MAI: Dans med Gøran og Tor kl 22:00 - 02:00. 18 år. Kr 200,- Billettar i døra.

LAURDAG 27. MAI: Utekonsert med FOLK FLEST og PLUMBO kl 20 - 02 (musikk kl 21:00 - 01:00). 18 år. Billettar på TicketCo.no. Arrangementet er i samabeid med Dampen Pub.

SØNDAG 28. MAI: Quiz med Anne Mårdalen. Påmelding frå kl 19, start kl 20. Ta turen!

SERVERING/RESTAURANT - ALLE DAGAR:

Frukost - drop in: kl 7:000 (8:00) - 12:00

Lunsj: kl 11:30 - 15:00

Middag: kl 16:00 - 20:00

Folk Flest og Plumbo! Gamalostfestivalen 2023

Utekonsert i Vik sentrum. Portane opnar kl 20.00, konsertstart ca kl 21.00. Servering til kl 02.00. 18 års aldersgrense.

NB! Kr 550,- pr billett ved kjøp innan 15.05.2023 (Kr 620,- pr billett ved kjøp etter 15.05.2023)

FOLK FLEST spelar country og irsk inspirert musikk som blir framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk: fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.

Med Sogn si eiga sangstjerne Einar Bolstad i «spissen»  (m.a kjend for Sogn og Fjordane sangen og Julesong- turneane), kan ein garantere både gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor!!

Publikum får høyra både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler.  Sangane er henta frå artistar som m.a: The Dubliners, The Waterboys,  Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske trad.låtar, og Avicii!! Bandet  hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet  spela for stappfulle kulturhus, på  festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar! 

PLUMBO starta som ein trio og eit coverband for over 20 år sidan. Etter kvart begynte vokalisten å skrive eigne sangar, som resulterte i at både bandet og publikum vart større. I 2011 vant Plumbo spellemannsprisen for låta "Møkkamann", og i 2012 var dei med i MGP med låta "Ola Nordmann". Plumbo har over 230.000 avspelingar pr månad på Spotify. 

Med desse banda kan vi love god stemning og allsangfaktor. 

Mykje kjekt på programmet vinteren og våren 2023. Velkomne!

et er mykje som skjer på Blix hotell utover vinteren og våren 2023! Velkomne skal de vere Ta kontakt om det er noko.

Fredag 10. februar: Pub og pizzabuffè (kr 135,- pr person) frå kl 16:00

Søndag 12. februar: Morsdagsbuffè kl 14 - 18

Onsdag 15. februar: Forfattar Espen A. Jacobsen kjem for å snakke om boka si "Vestlandsfjordane." Sjå eige omtale av arrangementet. Arrangør: Vik Folkebibliotek

Søndag 5. mars: Konsert med Verdsmannen Thorbjørnsen, sjå eige omtale av arrangementet. Arrangør: Vik Folkebibliotek

8. mars 2023. Informasjon om arrangementet kjem seinare. Arrangør: 8. mars-nemnda

Onsdag 29. mars:

Forfatterbesøk med Marit Eikemo. Sjå eige omtale av arrangementet. Arrangør: Vik Folkebibliotek

PÅSKEN 2023:

Palmelaurdag 1. april: Lokal Litteraturmusikalsk kveld med Gygrene, Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Noralv Pedersen og kvelden vert avslutta med konsert ved "Ein Te". Meir informasjon om arrangementet kjem seinare. Arrangør: Vik folkebibliotek.

Skjærtorsdag 6. april: Dans med sjølvaste "Hit Station" kl 22 - 02 (20 år, førehandssal av billettar) Arrangør: Blix hotell

Langfredag 7. april: Quiz ved Jarle Christensen Arrangør: Blix hotell

Etter påske:

Onsdag 12. april: Bokpresentasjon: Plantebonanza. Arrangør: Vik Folkebibliotek

FASTE AKTIVITETAR:

Kvar torsdag: raspeballar på menyen (i tillegg til ordinær meny). For opningstider i restauranten, sjå www.blixhotell.no

Utstilling av måleri av Maria Gerd Borlaug i resepsjonen

Utstilling av Grendafoto av Helge Grønningsæter, i resepsjonen/gangane

Kvar torsdag bridgeklubb (kontaktperson: Ole Petter Ramberg)

Kvar fredag: fredagskafe med programstart kl 11:30 (initiativtakarar; Arne Inge Sæbø, Jens Brekke)

Siste onsdag kvar månad: Vik Pensjonistlag held møte (kontaktperson Gunvor Grov)

NB! Med forbehold om endringar. Ta kontakt på tlf 57 69 65 50 ved spørsmål.

Romjula 2022

Torsdag 22.12. er siste dagen restauranten er open før jul. Etter ein veldig kjekk og travel desember tek vi no ein liten juleferie.

Men det blir dans med “Ivory” 2. juledag (førehandssalget av billettar er i gang), og quiz med Jarle Christensen 28. desember. Sjå også eigne annonseringar for arrangementa. Ta kontakt på tlf 57 69 65 50 eller på booking@blixhotell.no om de har spørsmål.

Vi vil nytte høvet til å seie GOD JUL til alle kjekke gjester og besøkande!