Julebord 2025

Velkomne til julebord 2025!

Julebordsbuffé med koldtbord, julemat og dessertbord og god dansemusikk etterpå.

Det blir julebord desse datoane:

 

Fredag 28. november kl. 19.00 (ein del ledige plassar)

Dansemusikk: «Two4U»

 

Fredag 5. desember kl 19:00 (ledige plassar)

Dansemusikk: «Hit Duo»

 

Lørdag 6. desember kl 19:00 (fullbooka)

Dansemusikk: «Hit Duo»

 

Fredag 12. desember kl 19.00 (ledige plassar)

Dansemusikk: «Two4U»

 

Laurdag 13. desember kl 19.00 (del del ledige plassar)

PRESENTASJON AV MUSIKKEN:

Dansemusikk: «Two4U»

Duoen «TWO4U» har lang erfaring og har et repertoar som er hentet fra de siste 4-5 tiår.
Med kjente låter er det lett å bli revet med og de er flinke til å tilpasse musikken til gjestene. 
De er kjent for sitt engasjerende humør og har trådløse systemer som gjør at de kan dukke opp ved bordet ditt og engasjere til allsang og kanskje også til en dans.
De har også flere plateutgivelser bak seg med egen musikk ( under egne navn)"

Dansemusikk av “Hit Duo”

Etter 3 år er endeleg Hit Duo tilbake i Vik og Blix Hotel. Dei er eit populært band frå Kaupanger og har med seg nye og fengjande låtar denne gongen. Linda Moen Rebni & Odd Tore Moen er røynde musikarar og har «stått» på dei største scenene i Norge som sangsolistar og musikarar. Det er verdt å nemne at Hit Duo er Far & Dotter - Begge to har lang fartstid som musikarar i fleire typer band/prosjekt. I ei årrekke har Odd Tore vore frontfigur i fleire store lokale band, og det siste tilskotet var bandet «Stilige Dann» som framførde nynorske songar. Dei hadde fleire konsertar på Balejazz,Målrock og Nynorske litteraturdagar blant anna. Bandet Hit Duo er svært populære i fylket, med sin fengande og gode dansemusikk. Dei kan underhalde alle aldersgrupper, frå dei heilt unge til dei eldre. Linda & Odd Tore fiksar nær sagt «alt» innan musikk,og det er ikkje utan grunn at dei største verksemder og hotel i fylket velger å bruke bandet. Her veit du kva du får – kvalitet & ærligheit! © 2025 HIT DUO

 Spørsmål eller påmelding til: cathrin@blixhotell.no eller 57 69 65 50

Sommar konsert med VAMP fredag 22. august

Vi ser fram til ny VAMP konsert fredag 22. august. Her er litt informasjon i samband med arrangementet:

Konsertstart er kl 19:00. Kom gjerne i god tid. Ikkje kjøpt billett enda? Billettar får de kjøpt her:

Ticketmaster Vamp 22. august

Dersom du ønskjer middag før konseren: Ring 57 69 65 50 for bordbestilling

Baren på Blix hotell er også open etter arrangementet.

På konsertarena er det muleg å få kjøpe seg drikke (betaling ved bruk av Vipps) før og undervegs i konserten. Det er sitteplassar til omlag 200 personar. Du må gjerne ta med noko å sitte på sjølv om du vil.

Velkomne!

Fredagskafe fredag 6. juni, Gamalostfestivalen 2025

Kristin Glück-Evensen kåserer om gamalosten.

Kristin kjem på Fredagskafeen under Gamalostfestivalen. Ho er tidlegare budeie og avløysar, har utdanning innan lokal matkultur, har drive fjellstove og arbeidd med mat og matkultur i ei årrekke. Dei siste fem åra har ho via til mjølkeforedling med særleg fokus på norske ystetradisjonar, stølskultur og aktualisering av tradisjonen inn mot hippe restaurantar, fine dining og oppskrifter til heimekjøkken. For Kristin er gamalosten sjølve Kongen av både norsk ystetradisjon, men også av norsk matkultur generelt. Kvifor og korleis ho har engasjert seg i aktualiseringa av nettopp gamalosten, får du høyre meir om i dette foredraget. Kristin er levande engasjert i matkultur, som for henne representerer både tradisjon og innovasjon. Fortid møter framtid, gamalost møter Maaemo.

I tillegg kjem også Synne Liljedahl for å snakke om kor sunn gamalosten er.

Arrangementet er i samarbeid med Gamalostlaget v/Aud Slettehaug.

Utekonsert - Gamalostfestivalen 2025

Vi gjentar suksessen frå tidlegare og arrangerer utekonsert lørdag 7. juni 2025 i samband med Gamalostfestivalen 2025. Arrangementet er eit samarbeid mellom Dampen Pub og Blix hotell.

Det står 3 band på scena denne kvelden: Crashville, Kruttrøyk og Ein Te.

CRASHVILLE

Crashville er eit country/rock band frå Ørsta som spelar fengande bygdemusikk om fest og livet på bygda. Etablert i 2007 etter inspirasjon frå bl.a. Vassendgutane. Dei spelar eigne låtar og coverlåtar og skaper skikkeleg bygdefeststemning.

KRUTTRØYK

Krutrøyk er og eit country/rock band frå Sunnfjord og etablert i 2000. Fyrste plata deira kom i 2023 og heiter og Krutrøyk, i 2006 kom plata Kuler og krutt og i 2009 Farande fant. Bandet har turnert store deler av Sør Noreg. Av låtar kan med nemna: Kallen med krag´en, Jaggu bli mi, Luta lei og Såg ei jente.

EIN TE

Vårt lokale band skal og sjølvsagt spela på torget under Gamalostfestivalen, laurdag 7. juni. Alt ligg til rette for ein kjempekonsert og kjempeoppleving på Vikøyri denne laurdagen. Me høyrde dei sist under musikklaget sin 90-års konsert, og på utekonserten under Gamalostfestivalen 2024. Dei imponerer stort. 

Arrangementet blir flytta til Blixhalli i tilfelle dårleg vær.

18 års aldersgrense. Portane opnar kl 20:00. Servering fram til kl 02:00.

Billettar på TicketCo:

https://blixhotell.ticketco.events/no/nb/e/gamalostfestivalen_2025__utekonsert_med_crashville_kruttroeyk_og_ein_te

Pris pr billett ved kjøp innan torsdag 5. juni: kr 575,-

Pris pr billett ved kjøp innan lørdag 7. juni: kr 700,-

VELKOMNE!

Påsketreff & Standup i Vik

Onsdag 16. april kl 17:00 - 22:00 på Blix hotell

Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat! Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik – med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?

Vi har mange gode premiar, blant anna festivalpass til Fres Festival! Premiane vert trekte gjennom ein bedriftsbingo, der du må møte opp mellom 17:00 og 17:45 for å delta. Kom i tide og bli med på moroa

Raymond Falldalen kjem for å servere eit forrykande standup-show fullt av skarpe observasjonar og god humor! Her blir det garantert mykje latter og god stemning, så gjer deg klar for ein kveld med ekte komisk energi!

Program:
17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier
19:00–20:00 – Matservering og mingling
20:00–21:00 – Standup med Raymod Falldalen
Etter 21:00 – Musikk, DJ og god stemning

Arrangemente er gratis og opent for alle. Supert om du trykker SKAL hvis du veit at du kjem så har vi litt oversikt over kor mykje mat som skal lages

Arrangør: Vik Næringssamskipnad, Sogn Næring