Vi er glade for at gruppa Splint kjem på Blix hotell, påskeafta 31. mars. Dørane opnar kl 21.30, og dei spelar til kl 02.00. 20 års aldersgrense. Førehandssal av billettar frå 15. mars, kr 275 pr stk.
Quiz - langfredag 30. mars 2018
Quiz-mester Jarle Christensen er klar med nye oppgåver og spørsmål. Velkommen skal de vere til ein ny kjekk og spennande kveld på Blix hotell langfredag 30. mars. Påmelding frå kl 19.00.
(Maks 5 pr lag, kr 50 pr person)
Jul på Blix hotell
Program for jula 2017:
JULEGRAUT TORSDAG 30.11.
Torsdag 30.11. kl 18:30 JULEGRAUT for små og store etter tenning av julegrana. For bordbestilling: tlf 57 69 65 50 eller epost: booking@blixhotell.no Pris for barn kr 75 pr person, for vaksne kr 125 pr person. Julenissen kjem også. Kanskje har han med seg noko godt i posen?
JULEBUFFET SØNDAG 17.12.
Ta med familien til ein roleg førjulsøndag med god mat på Blix hotell. Vi set fram vår julebuffet med kalde og varme tradisjonsrettar, dessertbord og kaffi/te. Det blir også eigen barnebuffet. Pris kr 295 pr vaksen, og kr 150 for barn under 12 år. Buffeten står framme frå kl 14:00 - 19:00.
For bordbestilling: tlf 57 69 65 50 eller epost: booking@blixhotell.no
Denne dagen er den søndagsope i Vik. Ta julehandelen på Øyri, og velkomne skal de vere til middag på hotellet etterpå!
JULEBORD:
Fredag 1.12., laurdag 2.12., fredag 8.12., laurdag 9.12. og fredag 15.12. har vi julebord på Blix hotell. Start kl 19.30 alle dagar. Vi serverer heimelaga mat på julebuffeten. Her vert kalde og varme rettar, og eit bugnande dessertbord. Etterpå blir det dans til levande musikk! For bordbestilling eller spørsmål: tlf 41 50 51 91 (Jorunn Åsfrid) eller epost: booking@blixhotell.no (PS! Somme dagar er no fullbooka.)
QUIZ FREDAG 29.12.:
Fredag 29.12. kl 20.00 blir det JuleQuiz ved Jarle Christensen. Påmelding frå kl 19.00. Maks 5 personar pr lag, kr 50 pr person.
DANS 2. JULEDAG:
"Grøftekarane" er tilbake, og då blir det garanert god stemning igjen! Førehandssalg av billettar, kr 250 pr person. Dørane opnar kl 22:00.
GIL EDWARDS LAURDAG 30.12.:
Gil Edwards kjem tilbake til Vik laurdag 30.12. Den kjende trubaduren har vore i Vik mange gonger før, men det er lenge sidan sist no. Laurdag 30.12. spelar han for oss igjen. Dørane opnar kl 22.00. Salg av billettar på førehand, kr 200 pr person. Dørane opnar kl 22:00. Velkomne!
Velkomne til julebord på Blix hotell
Velkomne til julebord på Blix hotell desember 2017:
Fredag 1. des. og laurdag 2. des.:
Julebordsbuffet og dansemusikk ved Åge Nybø (kr 595,- pr person)
Fredag 8. des. og laurdag 9. des.:
Julebordsbuffet og dansemusikk ved duoen «Åremål» (kr 595,- pr person)
Har de ikkje høve til julebord, men har lyst på julemat?
Me serverer også juletallerken m/dessert (kr 395,- pr person)
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller ønskjer å bestille!
Tlf 57 69 65 50 / 41 50 51 91
jar@blixhotell.no
NM-show på NRK fredag 13.10.
Vik IL Friidrett inviterer til NM-show i lag med NRK, fredag 13.10. på Blix hotell, frå kl 19.00
Inngang kr 120 (VIk IL Friidrett)
Etterpå blir det QUIZ, også på hotellet!
Velkomne!
NM-dans med Tor Talle Trio laurdag 14.10.17
Laurdag 14.10. kl 22.00 vert det dans med Tor Talle Trio!
Velkomne til dans på hotellet etter ein kjekk NM-dag på Vik Stadion.
20 års aldersgrense. Kr 250 pr person.
Velkomne til Bokslepp med Jens Brekke og Arnstein Mygland
Måndag 2. oktober, kl 19.00. Velkomne!
NM-Quiz fredag 13.10. kl 21
Velkommen til Fagseminar på Blix hotell, fredag 13.10.17 kl 19.00. Arrangør er Vik IL Friidrettsgruppa i samband med NM Terrengløp den 14.10.2017.
Etterpå vert det Quiz med sjølvaste Jarle Christensen. Lurt å vere tidleg ute, då Jarle sine quiz'ar er populære! Kr 50 pr person, inntil 5 personar pr lag. Påmelding til Jarle Christensen her på hotellet før oppstart.
"Dans med oss" laurdag 16.9.17
Dans med oss-klubben arrangerer dans på hotellet, laurdag 16.9.17 kl 21.00
Musikk ved Leif Inge Underdal. Velkomne!
NM Terrengløp 14.10.2017
Friidrettsgruppa i Vik Idrettslag ønskjer velkommen til NM Terrengløp (lang løype) laurdag den 14.10.2017.
Blix hotell har gleda av å vere det offisielle NM-hotellet. Vi ønskjer tilreisande og lokale velkomne til ei sprek og triveleg helg i Vik.
Dersom de har behov for overnatting, ta gjerne kontakt med Jorunn Åsfrid Røyrvik, tlf 415 05 191, (jar@blixhotell.no, eller jorunn@royrvikbygg.no). Blix hotell er no dessverre nesten fullt, men vi vil hjelpe til med å finne anna overnatting her i Vik.
Ta gjerne kontakt dersom det skulle vere spørsmål.
På Blix hotell:
FREDAG 13.10. KL 19.00 Fagseminar og quiz
LAURDAG 14.10. KL 21.00 Dans og NM-fest