Julebord 2026

Velkomne til julebord. Det blir servert koldtbord, buffé med tradisjonell julemat og dessertbord. Etterpå blir det dans.

Ikkje muleg å delta på julebord, men ønskjer julemat? Vi serverer juletallerken frå midten av november (på bestilling). Det er også muleg å bestille lutefisk. Ta kontakt på tlf 57 69 65 50 eller booking@blixhotell.no

Ta gjerne kontakt ved spørsmål.

Det blir julebord desse datoane:

Fredag 27. november (fullbooka)

Lørdag 28. november

Fredag 4. desember (nokre ledige plassar igjen)

Lørdag 5. desember (nokre ledige plassar igjen)

Måndag 26. okt. kl 19:00 Oddgeir Bruaset: Vegen som vart min

Mandag 26. oktober kl 19:00 vert det eit gledeleg gjensyn med Oddgeir Bruaset.

ARRANGØR: Vik Bibliotek

Bli med på eit tilbakeblikk med Oddgeir Bruaset

Frå omtalen av boka:

"I over 40 år har han samla folket framfor TV-skjerm og radio. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.

Kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I Vegen som vart min fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon.

I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekkje nyhende og tragediar, til å lage program om storslegen natur, dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten."

Chef's dinner med Tuba og Gard frå Ciderhuset Balholm, fredag 13. november kl 19:00

Vi er så stolte over å presentere ein ny "Chef's dinner", denne gongen i lag med Tuba og Gard frå Ciderhuset Balholm. Dei tek turen til Vik, og vil i lag med vårt eige kjøkken med sjefskokk Vova i spissen sette saman ein velkomponert og spennande meny. Og det blir sjølvsagt god drikke frå Balholm.

Billettar i sal frå 20. oktober (eit maks antall billettar vil bli lagt ut. Meir informasjon kjem seinare).

Fredagseminar - Gamalostfestivalen 2026

I samband med Gamalostfestivalen blir det fredagsseminar 22. mai, kl 13:00 (merk tidspunktet)

“Sider frå Sogn” er ei beskytta merkevare, på same måte som gamalost og til dømes champagne. Sigrd Ølmheim som sjølv er produsent vil fortelja om produksjon, samt korleis dei har jobba for å få til ei slik anerkjenning av “Sider frå Sogn”.

Nytt på Blix hotell denne sesongen vil vere “Blix tapas for 2”, som sjølvsagt inneheld gamalost. Men tapastallerken vil også ha gode smakar frå dei ulike ostane til Alm Gard, pastrami frå Vikja og anna god.

Billetten til fredagsseminaret kostar kr 150,- og dekkar historieforteljing og ikkje minst smaking av alkohofri sider, samt “Blix tapas”.

Vassendgutane - NB! Konsertstad er endra til Blixhalli

VASSENDGUTANE; ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY! 

100% LIVE

BILLETTAR FINN DU HER: TicketCo (18 års aldersgrense. Sjå ellers øvrige vilkår ved kjøp av billett)

Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategorien kan vise til. Allsangen ”rungar” når bandet spelar. Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkluderer sitt publikum frå første strofe.

Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle utrykket. Dei opptrer også 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. Og sjølvsagt slagarane "Ungkar Med Dobbelseng", "Granada", "Hjortejakt" og "Longt Inne I En Fjord".

NB! På grunn av dårlege værmeldingar og regn, ser vi oss nøydde til å endre konsertstad til Blixhalli.

Konserten er eit samarbeid mellom Dampen Pub og Blix hotell.

Konserten er i Blixhalli. Dørane opnar kl 20:00

18 års aldersgrense.

VELKOMNE!