Der ingen kunne tru at nokon kunne bu

ONSDAG 16. OKTOBER KL 19.00

Språkprisvinnar og programleiar Arve Uglum og vår eigen NRK-journalist Noralv Pedersen vil fortelje om arbeidet bak NRK-suksessen "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"
- om møta med menneska, og om språket i serien.

Framleis finst det menneske som lever på ein måte som for dei fleste av oss verkar usannsynleg og eventyrleg.

Velkommen til ein inspirerande kveld på Blix hotell i samarbeid med Vik mållag og Vik folkebibliotek.

Gratis inngang.

Det vert mogleg å kjøpa forfriskingar.

Julebord 2019

Fredag 6. desember:

Tradisjonell julebordsbuffet med kalde og varme rettar.

Musikk ved «Tor Talle Duo» frå Leikanger

Kr 625 pr person

Få plassar att denne kvelden

 

Laurdag 7. desember:

Tradisjonell julebordsbuffet med kalde og varme rettar.

Musikk ved «Tor Talle Duo» frå Leikanger

Kr 625 pr person

 

Fredag 13. desember:

Tradisjonell julebordsbuffet med kalde og varme rettar.

Musikk ved gruppa «Ein Te» frå Vik

Kr 625 pr person

 

Laurdag 14. desember:

Tradisjonell julebordsbuffet med kalde og varme rettar.

Musikk ved gruppa «Ein Te» frå Vik

Kr 625 pr person

 

Sjå også gjerne vedlegg.

 

Lyst på julemat, men ikkje høve til julebord? Vi serverer også juletallerken m/dessert frå slutten av november. Ta kontakt for bestilling.

Out of space - Sannes & Ødegaards astroshow torsdag 12. september kl 19.00

Opplev spennande exoplanetar, kolonisering av Solsystemet, romreiser, Solsystemets og Galaksens dramatiske framtid. Kva moglegheiter fins for intelligente liv og korleis vil vi eventuelt kunne oppnå kontakt med framande sivilisasjonar?

Sci-fi-forfattar og vitenformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard vil presentera eit multimediashow med spektakulære bilete, filmar, animasjonar, lydeffektar, og musikkvideoar. I samanheng med showet får publikum kjenne på ekte steinar frå verdensrommet.

Bli med og opplev Universets mysterium.

Det vert mogeleg å kjøpa forfriskingar. Gratis inngang for alle interesserte. Høver for alle frå om lag 9 år.