Vikjagruppa “Ein Te” og Anne Mårdalen inviterer til Quiz-konsert laurdag 20. juni kl 20:00 på hotellet. Førehandssal av billettar frå onsdag 10. juni kl 11:00 på hotellet. Kr 100 pr person. Vi gledar oss stort, - velkomne skal de vere! (NB! På grunn av Covid-19 reglane er det litt mindre sitteplassar enn vanleg. Kanskje lurt å vere tidleg ute? Minner også om god handhygiene, halde avstand, og halde seg heime om ein ikkje er heilt frisk) Velkomne!
Blix hotell er ope 16. og 17. mai
Me er glade for å kunne ønskje velkommen til open restaurant laurdag 16. og søndag 17. mai!
Laurdag 16. mai:
Ope kl 18 - 23 (a la carte kl 18 - 21)
Søndag 17. mai:
2 bordseter: kl 14 og 17. Servering av rømmegraut m/tilbehør (kr 195). Barnemeny: pølse og pommes frites (kr 65).
COVID 19:
Kun forhåndstinging av bord (tlf 57 69 65 50).
Maks 5 personar pr bord (med unntak av dersom dei som er frå same husstand)
Maks 50 personar i restauranten
Ta hensyn til dei andre gjestene, hald avstand, vask hendene, og ikkje kom dersom du er sjuk.
Hjarteleg velkomne!
AVLYST "Grøftekarane" er tilbake Skjærtorsdag
Grøftekarane spelar til dans Skjærtorsdag 9. april. Kr 250, 20 års aldersgrense. Billettane blir lagt ut når det nærmar seg påske. Velkomne til god dansemusikk!
NB! Vi følgjer situasjonen rundt Corona nøye. Arrangementet kan bli avlyst på kort varsel.
AVLYST Diskotek og pizzabuffet laurdag 14. mars
Det blir diskotet og pizzabuffet etter Hihgsoft sitt arrangement “BandyBadl 2020!” i Blixhalli.
Pizzabuffet frå kl 19:00 - 22: 00 (kr 80 pr person, ta kontakt for bordbestilling)
DJ Torbjørn Mjøs er tilbake og spelar godmusikk kl 22:00 - 02:00! Gratis inngan før kl 24. 18 år. Velkomne!
AVLYST Gunnar Garfors – Ingenstads, torsdag 19. mars kl 19:00
Velkommen til nytt arrangement i lag med Mona og Vik Folkebibliotek.
TORSDAG 19. mars kl 19:00, billett kr 100
Gunnar Garfors er verdas mest bereiste person, kjent for å ha besøkt alle land fleire gonger. I boka
"Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land" tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Med ein solid dose empati, ei bøtte med sjølvironi og omfattande kunnskap har han vevd opplevingane sine saman til ei lett, men ikkje lettvint, bok som har fått strålande kritikkar, inkludert terningkast 6 i Noregs største reisemagasin. Forvent ei ujålete og ofte lattervekkande reise, men kanskje må du også hente fram lommetørkleet. For 44-åringen tek oss med til både paradisøyar og krigsherja land. Det vert
informative og tankevekkande historier frå mellom anna Afghanistan, Turkmenistan, Kiribati, Jemen og Den sentralafrikanske republikken. Garfors fortel om land ein knapt har høyrt om og som neppe gjev andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I ei tid prega av konflikt vil forfattaren inspirere publikum til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eigen og som kanskje kan bidra til ei breiare forståing av andre menneske, nasjonar og verdsbilete. Naustedølen er utdanna journalist og når han ikkje skriv eller
reiser, jobbar han som prosjektleiar for NRK i Oslo. Han er også kjent frå sine reisebrev i Nitimen på NRK P1, Noregs største reise- og geografipodkast Globusrulett (globusrulett.no) og reisenettstaden garfors.com.
Alle er hjarteleg velkomne.
Billett kr. 100,- kan kjøpas ved inngangen.
Det vert mogleg å kjøpa forfriskingar.
Rune Timberlid og Jon Narvasete – Superlaget frå Sogndal, 5. mars kl 19:00
Velkommen til nytt arrangement i samarbeid med Mona og Vik Folkebibliotek 5. mars kl 19:00
Forfattar Rune Timberlid kjem til Blix for å fortelje frå boka si, «Superlag frå Sogndal
– Bygdelaget som vart toppklubb i fotball». Rune tek med seg sin makker og
kamerat Jon Navarsete, som har mykje kunnskap om Sogndal fotball. Dei to karane
har eit rikt biletmateriale og ei historie å fortelje om dei som bygde ein
kultur for toppfotball i ei bygd med nokre tusen innbyggjarar.
Dyktige leiarar bygde opp vesle Sogndal Fotball til å bli eit topplag i norsk fotball. Dagens
hovudtrenar Eirik Bakke er blant dei som skal føra vidare det som er skapt på
Fosshaugane.
Gong etter gong har klubben frå bygda ved
Sognefjorden rykka opp i Eliteserien. Midt på 1970-talet fekk klubben fram eit
lag som nådde cupfinale og rykka opp i vår nest øvste serie. Sidan 1977 har
Sogndal Fotball aldri vore under OBOS-ligaen. Samstundes har klubben på
imponerande vis bygt moderne anlegg.
Frå å vera eit typisk bygdelag, er Sogndal Fotball utvikla til ein moderne klubb som nærmar seg 100 millionar kroner i årleg omsetning. Denne boka fortel korleis klubben fekk det til.
Velkommen på Blix hotell jula 2019
Ta kontakt ved spørsmål eller bordbestilling: tlf 57 69 65 50
Opningstider restaurant ( a la carte):
Julafta, 1. juledag og 2. juledag: stengt (dans med Ivory 2. juledag)
Fredag 27. desember: pizzadag (men kan bestille a la carte på førehand/før jul) NB! Quiz påmelding frå kl 19, start kl 20.
Laurdag 28. desember: kl 15.00 - 18.00 (Julelatter kl 21, dørane opnar kl 20)
Søndag 29. desember: kl 15.00 - 19.00
Mandag 30. desember: kl 15.00 - 19.00
Nyttårsafta og 1. nyårsdag: stengt
VELKOMNE!
Herrenes Aften eller karane sin kveld 22.11. kl 19:30
Endeleg ein kveld berre for karane! Det blir servering av litt mat og drikke. Balder kjem frå Leikanger med mange gode smakar, og så serverer vi mat som passar til. Me håpar på ein triveleg kveld. Billettar i salg no. NB! Siste salgsdato er tysdag 19.11.19! Kr 350 pr person.
RomjulsLatter på Blix 28.12.19 kl 21:00
Arrangør Rinde Regi skriv følgjande:
På Blix Hotell kjører vi Standup Show med komikere fra rundt om i landet. De har opptrådt på flere av de største scenene i Norge, og gleder seg til romjulshow i Vik!!
LINE-UP:
Kjetil Melkevik er primus-motor i standup-miljøet i Stavanger. Med rett under 300 opptredener har Kjetil brukt de siste 4 årene på å reise rundt i hele Norge for å opptre. Han har varmet opp for TJ Miller og Rune Bjerga, og i 2017 vant Kjetil standup-konkurransen som ble holdt under The Comedy Box Festival i Stavanger og har opptrått på Latter i Oslo
Raymond Falldalen har samboer og en haug med barn. Han er sliten, og det vil dere forstå. Det eneste lyspunktet i livet hans er et nervevrak av en hund. Men det er fortsatt en hund! Når Raymond snakker, vil du kjenne deg igjen. Han opptrer på scener over hele landet og har etterhvert flere opptredener på Latter i Oslo.
Gudmund Husdal er en komiker som har mer fortid enn fremtid. Han har i over et tiår vært toastmaster, 17. mai-taler, lokalpolitiker i Nordhordland, men så fant han endelig fram til standup-scenen i Bergen i 2015. Gudmund er Mr. Dad-jokes i levende live - full av ordspill og knusktørr humor som alltid får publikum til å riste av latter.
Alon Fellus er en energibombe av en komiker. Det er vanskelig å ikke bli glad i han fra første stund. Vitsene kommer på løpende bånd; de er smarte, de er originale, det blir lattergaranti!
Å fortelje om levd liv, Torsdag 7. november 2019 kl. 19:00–21:00
Å elske ein far, å bere ei sorg, å stå i ein kamp, å finne ein veg.
Livet, med andre ord. Ei levande forteljing, med Kjersti og Kjartan sine ord.
Tidlegare i vår fekk Kjersti Mjør kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.
Juryen drog fram evna til å skildre liv og lagnader med varme, nysgjerrigheit og humor i grunngjevinga si.
Kollega Jens Kihl i Bergens Tidende sa det slik:
«Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skaper ho ordkunst av det ho fann. Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør.»
Denne hausten er ho aktuell med biografien om SV-dronninga Oddny Miljeteig. Boka har fått tittelen «Hjartebank». Det er grunn til å vente seg ein tekst av den typen Kjersti Mjør er kjent for, der vi får fylgje orda fram til den inste grinda i livet vi les om.
Kjartan Brügger Bjånesøy er som Kjersti ein omtykt portrett-journalist, med lang fartstid i Dagbladet sitt laurdagsmagasin. I vinter gav han ut boka «Kjære pappa. Vi er andre menn no.». Han tek lesaren med over fjellet heim til Austevoll, der faren har fått slag og tilveret dreier seg om å takle det eine tapet etter det andre. Forteljinga er djupt rørande, personleg og ærleg.
I dette programmet fortel dei to journalistane om arbeidet med bøkene, og samtalar om korleis det levde livet inspirerer skrivinga. Korleis viser den seg, den grinda ein ikkje skal trenge seg forbi? Korleis kan orda likevel nå over og fram til lesaren?
Vi teier ofte om det næraste i dagane som kjem og går. Kjersti og Kjartan skriv om sjølve livet, slik at vi kan finne orda vi treng for å nå kvarandre.
Programmet er utvikla av Svidal skriveri for Rom for ord, med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturråd, og vert arrangert i samarbeid med Vik bibliotek.
